29. september 2020

Fann ukjent fjellskred


Skredmassane frå det historiske skredet som gjekk nordvest på Sværholthalvøya i Finnmark ligg delvis i ei ur og delvis på sjøbotnen. Bilete: François Noel
Skredforskarar ved Noregs geologiske undersøking fann i sumar eit hittil ukjent fjellskred i Finnmark. – Vi vart overraska, seier lagleiar Reginald Hermanns.

Det var i samband med førebuingane til feltarbeid på nokre ustabile fjellparti i Finnmark at forskarane oppdaga at eit lite fjellparti på Sværholthalvøya rett og slett var borte:

- Vi samanlikna flybilete frå 1976 med tilsvarande bilete frå 2007, og såg plutseleg at eit fjellparti var forsvunne. Noko måtte ha skjedd, men ingen fjellskred var rapportert frå den staden i den perioden, seier forskar og lagleiar Reginald Hermanns ved NGU.

Gåta vart løyst

Framme i Finnmark fekk dei sjå skredmassane ved sjølvsyn. Eit meir enn ti meter tjukt fjellmassiv frå 300 meters høgde var borte nordvest på Sværholthalvøya. Steinmassane hadde delvis gått ut i Porsangerfjorden. Det var ingen bustader i nærleiken og ingen menneske var blitt råka.

Frå det stupbratte skaret til venstre på bilete har skredet gått ut. Bilete: François Noel

- Det er svært sjeldan at slike skred ikkje vert rapportert. Difor visste vi ikkje når skredet hadde slept fjellsida. Den spanande gåta vart likevel løyst, nærast ved ei tilfeldigheit, seier Hermanns.

I Honningsvåg trefte Hermanns nemleg den pensjonerte fiskaren Alfred Karlsen. Han hugsa hendinga og kunne talfeste den til året 1986 eller 1987. Han arbeidde dei haustane med kveitefangst i Porsangerfjorden frå sitt 50 fot store fiskefartøy «Morning Star».

Såg store bårer

- Eg såg ikkje sjølve raset, for vi var oppteken med fisket. Men brått oppdaga eg store bårer som kom frå kysten, sa Karlsen til NRK Finnmark i haust. - Bølgjene var sju-åtte meter høge då dei nådde båten to nautiske mil frå kysten.

Teikning av fiskefartøyet «Morning Star», som fiska kveite på Porsangerfjorden hausten 1986 og 1987.

«Morning Star» klara bølgjene godt, og fiskarane drog til Honningsvåg med fangsten. Det var lågvatn då dette skjedde; i byen 20 kilometer unna rasstaden vart det berre registrert tre lange bølgjer på en meters høgde, utan at nokon let seg merke ved det.

Spanande skredfunn

- Karlsen kunne fortelje meg at det ikkje var kveite å få i den delen av Porsangerfjorden i fem-seks år etter hendinga. Kanskje har også det samanheng med skredet, seier skredforskar Reginald Hermanns og legg til:  

- Eg synes at dette er svært spanande. Vi har kanskje verdas beste oversikt over, og overvaking av, ustabile fjellparti, og så finn vi heilt tilfeldig eit over 30 år gamalt og ukjend skred…

No er skredet vel dokumentert og registrert i NGU sine databasar over historiske fjellskred.

Skipper og fiskar Alfred Karlsen i Honningsvåg løyste gåta. Bilete: Reginald Hermanns