8. oktober 2015

Europa samlar mineralstatistikken


Noreg har dei største ilmenittreservane i Europa og er den største produsenten i verda i lag med Australia. Titania A/S bryt seks millionar tonn ilmenitt årleg.
EU-prosjektet Minerals4EU har utarbeidd ein felleseuropeisk portal for informasjon om mineralressursar i Europa.

Dette er òg det første europeiske prosjektet som realiserer EUs Inspire-direktiv, som omfattar etablering og harmonisering av ein infrastruktur for geografisk informasjon.

Henrik Schiellerup.

- Arbeidet vart avslutta i august i år med lansering av ei nettside med søkbare og tilgjengelege data om mineralførekomstar i heile Europa. Førekomstdata vert henta meir eller mindre kontinuerleg frå dei nasjonale geologiske undersøkingane sine eigne databasar og er difor oppdatert til ei kvar tid, fortel forskar og lagleiar Henrik Schiellerup ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

26 land står bak

Prosjektet står òg bak utgjevinga av ei digital årbok, som omfattar leiteverksemd, produksjon og handel med mineralressursar og mineralprodukt, og dessutan statistikk for mineralbasert avfall for dei fleste europeiske land.

32 institusjonar og selskap frå 26 europeiske land, inkludert Noreg, har bidrege i prosjektet, som er vorte gjennomført i løpet av to år. At det var første store prosjektet som òg realiserte Inspire-direktivet, har vore ei viktig drivkraft i Minerals4EU.

Ved NGU har laga for geomatikk, mineralressursar og byggeråstoff arbeidd saman for å samanlikne førekomstdata og mineralstatistikk, og dessutan å gjera NGUs eigne databasar tilgjengelege på den felleseuropeiske plattforma. Samstundes har spesialrådgjevar Jan Høst ved NGU hatt ei sentral rolle i etableringa av ein organisasjon som skal sørgja for at aktiviteten vert permanent.

Importerer råvarer

- Nettstaden gjev innbyggjarar, politikarar, styresmakter, selskap og forskarar over heile Europa høve til å skaffa seg kunnskap om mineralførekomstar og bruk av mineralressursar i samfunnet, seier Schiellerup.

Minerals4EU vart designa for å møte tilrådingane i EUs Råvareinitiativ, som mellom anna påpekte at Europa er ein stor nettoimportør av mineralske råvarer med ein svært avgrensa eigenproduksjon. Den nye portalen er eit verktøy i arbeidet med å betra forsyningstryggleiken for viktige mineralske råstoff til Europa.

Her er nettsida med kart og databasar

Relaterte prosjekter

Minerals4EU
Minerals4EU er et felles-europeisk prosjekt som løper fra september 2013 til september 2015.