6. mai 2008

80 millionar til Polaråret

- Dette er vår generasjon sin moglegheit til å løyse klimagåta, seier professor Øystein Hov, leiar i den norske Polarårskomiteen. Regjeringa gjer framlegg om å løyve 80 millionar kroner til polarforsking på statsbudsjettet for 2007.
LIV: Klima er ein fellesnemnar for fleire av dei knapt 30 prosjekta som er innstilte til norsk finansiering. Foto: IPY

- Det er gledeleg at regjeringa har sett av ekstraordinære midlar til polarforsking i samband med Det internasjonale polaråret (IPY), seier direktør Arvid Hallén i Noregs Forskingsråd.

- Gjennom denne løyvinga blir Noreg ein av dei største bidragsytarane til det mest omfattande internasjonale forskingsamarbeidet på 50 år.

Opnar 1. mars
Det internasjonale polaråret er eit intensivt og tverrfagleg forskingsprogram. Målet er å gjennomføre forsking som ingen nasjon kan finansiere eller utføre aleine. Polaråret opnar 1.mars 2007 og strekkjer seg over to år.

Leiar av den norske Polarårskomiteen, professor Øystein Hov, opplyser at dagens, fortidas og framtidas klima er eit sentralt tema for forskinga:

- Klima er ein fellesnemnar for fleire av dei knapt 30 prosjekta som er innstilte til norsk finansiering. Prosjekta klargjer problemstillingar som har global tyding, særleg samhøvet mellom hav, is og atmosfære. Det er framleis mykje vi ikkje veit om mekanismane i Polhavet, og korleis havstraumane og havnivået blir påverka av aukande smelting av isen. Dette er vår generasjons moglegheit til å løysa gåta, seier Hov.

Menneskeleg dimensjon
-
 Forskinga vil også gje vesentlege og varige bidrag til blant anna betre varsling av vær, istilhøve og havklima.

I dei arktiske nasjonane bor det urfolk, som i særleg grad blir påverka av endringar i klima, langtransportert forureining og aukande økonomisk aktivitet i nord.

- Frå norsk side er vi derfor særleg glade at Polaråret for første gang også omfattar den menneskelege dimensjonen, og ikkje berre naturvitskapeleg forsking, seier Hov.

Dette er fjerde gong verdas forskarar samlar seg for å gje polarforskinga eit løft. Første gong var i 1882-83. Den gongen deltok 12 nasjonar, mens det allereie er meir enn 60 land som er med denne gongen. Siste Polarår vart arrangert i 1957-58.

Les meir:
Regjeringa: 80 millionar til norsk polarforsking
NGU leier faneprosjekt i Arktis

Kontaktar:
Direktør Arvid Hallén,
Noregs forskingsråd; tlf.: 22 03 74 20
Professor Øystein Hov,
IPY-komiteen, tlf.: 22 96 33 60, mob.: 95 06 00 31