Kristiansand slukt av havet to gonger etter istida

Image
To geologar med kano på feltarbeid ved Kristiansand
Feltarbeid ved Lilletjønn utanfor Kristiansand. Tjønna ligg 25 meter over dagens havnivå, men havet var her like etter istida. Foto: NGU. 

Gjennom geologisk feltarbeid har vi påvist spor etter to episodar med rask havnivåstiging på nær ti meter ved Kristiansand etter istida. Fyrste gongen skjedde det på grunn av breframstøyt i Indre Agder, andre gong var årsaka ein endeleg iskollaps i Nord-Amerika.

Dei nye funna er publisert i det vitskaplege tidsskriftet Quaternary Science Reviews. Arbeidet er knytt til prosjektet Quantsea, finansiert frå Norges forskningsråd.

Ved å datere eldgamle skjel og planterestar har vi funne ut at innlandsisen smelta vekk frå Kristiansand-området for om lag 15.000 år sidan. Da stod havet 30 meter høgare enn i dag. Sidan har landhevinga lyfta både skjergard og tidlegare havbotn opp over havnivå. Slik har gamle fiskeplassar, farleier og badeplassar stadig forsvunne og vorte erstatta med nye.

Kart som viser område med geologisk feltarbeid ved Kristiansand
<em>Feltområdet er rett sør for Dyreparken ved Kristiansand. Tala på kartet markerer innsjøar som ligg på ulike høgder, der vi har datert eit tidlegare havnivå. Kartet er modifisert frå den vitskaplege artikkelen</em>, ref. Anders Romundset, NGU
Feltområdet er rett sør for Dyreparken ved Kristiansand. Tala på kartet markerer innsjøar som ligg på ulike høgder, der vi har datert eit tidlegare havnivå. Kartet er modifisert frå den vitskaplege artikkelen, ref. Anders Romundset, NGU

Feltbasert studie

Gjennom fleire rundar med feltarbeid har vi bora kjerneprøver frå botnen av i alt 19 innsjøar. Alle ligg under den marine grensa på 30 moh, som er det høgaste havnivået sidan istida. På botnen av tjønnene ligg det lag av sediment som fortel om når dei var over og under havnivå. Ved å analysere og datere kjerneprøvene har vi fått eit detaljert bilde av utviklinga heilt sidan isen forsvann.

Kurve som viser havnivå for Kristiansand tilbake til istida
<em>Den blå kurva viser høgda til havnivået ved Kristiansand sidan istida. Figuren er modifisert frå den vitskaplege artikkelen</em>, ref. Anders Romundset, NGU
Den blå kurva viser høgda til havnivået ved Kristiansand sidan istida. Figuren er modifisert frå den vitskaplege artikkelen, ref. Anders Romundset, NGU

Breframstøyt på tampen av istida

Ei brå klimaforverring i perioden vi kallar yngre dryas, gjorde at innlandsisen la kraftig på seg og brefronten støytte fram langs heile norskekysten. Det mest kjende vitnesbyrdet frå denne hendinga er nok moreneryggen Raet, som buktar seg frå Oslofjorden nedover Sørlandet. Lengst sør i Agder nådde ikkje breframstøyten til havet, men stoppa litt inn i landet, i Vennesla og Birkenes. Områda utanfor brekanten skulle likevel bli sterkt prega av det som hende.

Isen pressa og drog

Kjerneprøvene våre fortel oss nemleg at havnivået i feltområdet steig raskt i perioden frå 12 800 til 12 200 år sidan, som er fyrste halvdel av yngre dryas. Årsaken til havnivåstiginga var at isveksten førte til ei pause i landhevinga, da jordskorpa på ny vart pressa ned. Samtidig drog den store ismassen på havet utanfor, likt som månen si tiltrekkingskraft fører til tidevatn. Samanlagt gjorde dette at havnivået ved Kristiansand steig med nær ti meter!

Diagram som viser brefrontens posisjon langs en profillinje
<em>Diagram som viser posisjonen til brefronten, langs ei tenkt profillinje A-B på tvers av kysten. Havnivåkurva er lagt inn og viser sammenhengen mellom utviklinga til innlandsisen og havnivået ved Kristiansand. Figuren er modifisert frå den vitskaplege artikkelen</em>, ref. Anders Romundset, NGU
Diagram som viser posisjonen til brefronten, langs ei tenkt profillinje A-B på tvers av kysten. Havnivåkurva er lagt inn og viser sammenhengen mellom utviklinga til innlandsisen og havnivået ved Kristiansand. Figuren er modifisert frå den vitskaplege artikkelen, ref. Anders Romundset, NGU

Rask avsmelting før ny havnivåstigning

Etter breframstøyten til Raet fylgde om lag 600 beinkalde år, med stabil brefrontposisjon og lite endring i havnivået. Dette endra seg raskt for 11 600 år sidan, da ei formidabel oppvarming markerte den endelege slutten på istida. Isen smelta raskt bort frå heiane i Agder og landet steig raskare enn nokon gong før. På berre ca. 1500 år fall havnivået ved Kristiansand med nær 30 meter, om lag til dagens nivå.

Men så skjedde det igjen – frå om lag 10.000 til 8000 år sidan steig havnivået frå null til nær 10 meter over dagens nivå. Denne stiginga er kjend også frå andre delar av norskekysten og har fått namnet tapes-transgresjonen. I geologifaget tyder «marin transgresjon» at havet stig og overfløymer land.

Årsaken til tapes-transgresjonen var ikkje knytt til hendingar i Agder, men faktisk på eit anna kontinent! I Nord-Amerika låg nemleg storebroren til den skandinaviske innlandsisen under istida. Den amerikanske isen var mykje større og brukte difor lenger tid på å smelte vekk, da varmen sette inn. Transgresjonen i Norge skjedde fordi landhevinga her var raskt minkande, medan enorme mengder smeltevatn framleis pøsa ut i verdshava frå isen i Nord-Amerika.

Kvar sørlandsby, kvar sin historie

Vi har tidlegare gjort eit liknande arbeid ved Tvedestrand, som ligg ca. 70 km nordaust for Kristiansand. Ved å samanstille desse data har vi funne variasjonen for heile Sørlandet og kan avleie havnivåkurver for kvar enkelt sørlandsby.

Slike rekonstruksjonar av forhistorias strandline er særleg nyttige for arkeologiske spørsmål. Både for å forstå korleis landskapet har endra seg over tid, men også for å tidfeste enkelte funn ut frå høgda over havet, sidan mykje arkeologi er nært knytt til det samtidige havnivået.

Kurve som viser havnivå for byer på Sørlandet
<em>Havnivåkurver for kvar av sørlandsbyane, som viser utviklinga etter at isen smelta vekk frå Raet. Figuren er modifisert frå den vitskaplege artikkelen</em>, ref. Anders Romundset, NGU
Havnivåkurver for kvar av sørlandsbyane, som viser utviklinga etter at isen smelta vekk frå Raet. Figuren er modifisert frå den vitskaplege artikkelen, ref. Anders Romundset, NGU

Kva gjorde innlandsisen?

Samtidig er resultata viktige på fleire måtar i geologien. Tidlegare variasjonar i havnivå kan forklare fordelinga og eigenskapane til lausmassar under marin grense, noko som er til hjelp for geologisk kartlegging både lokalt og regionalt.

Særleg interessant for oss er tidfestinga av utviklinga til innlandsisen i Agder i den siste fasen av istida. Nå veit vi meir om korleis isdekket i denne regionen responderte på klimaendringane, både ved volumauke, framstøyt av isfronten og avsmelting. Det kan vi samanlikne med kartlegging og dateringar frå andre plassar i Norge, for å betre forstå dynamikken og responstida til innlandsisen under isavmeltinga.

Referanse

Romundset, A., Brendryen, J., Gislefoss, L & Høgaas, F. (2026). Late-glacial and Holocene relative sea level near Kristiansand in south Norway: time constraints for ice-sheet readvance and regional shoreline displacement. Quaternary Science Reviews, 389, 110134. DOI: