Dramatisk steinalder på Hinnøya: - Brå overfløyming og ein knusande tsunami gjennom Tjeldsundet

Image
Fugleperspektiv hvor vi ser en flåte med små bølger rundt seg folk ombord.
Fugleperspektiv over tre personar på ein flåte, midt ute på ein av Hinnøyas innsjøar. Med taktfaste slag borar vi oss attende i tid. Foto: NGU.

Geologisk feltarbeid på Hinnøya og Tjeldøya har gjeve ny kunnskap om landheving og havnivåendringar sidan istida. Det er også funne spor etter Storeggatsunamien, som herja langs norskekysten for om lag 8200 år sidan.

Dei nye funna er nå publisert av forskarar frå NGU og UiB, i det vitskaplege tidsskriftet Boreas.

Den nye Hålogalandsvegen er det største vegprosjektet i Nord-Norge nokon gong. Vegen skal fyrst stå ferdig hausten 2028, men mykje arbeid er allereie utført. Arkeologar har omhyggjeleg granska bakken og funne mange spennande spor som fortel om menneskets bruk av området, heilt sidan istida og fram til i dag. Slike undersøkingar er lovpålagte, for å dokumentere kulturhistoria i eit område før anleggsmaskinane rykkjer inn.

Vi geologar kunne saktens ynskt oss ei liknande lov, for å sikre at hittil ukjende naturhistoriske verdiar også blir dokumentert før øydelegginga er eit faktum. Men, i mangel av eit slikt regelverk kan vi i det minste samarbeide med våre venner arkeologane, som deler mykje av den samme gleda over den djupe fortida med oss.

Utsnitt fra et kart avHålogalandsvegen
Den nye Hålogalandsvegen. Illustrasjon: <a href=Statens vegvesen." />
Den nye Hålogalandsvegen. Illustrasjon: Statens vegvesen.

Den viktige strandlinja

Mykje av kystarkeologien i Norge, særleg det som gjeld steinalderen, er nært knytt til utviklinga av havnivået. Eller til forskyvingar av strandlinja, som er eit konsept vi geologar likar betre, sidan det inkluderer både havnivåendringar og landheving.

Strandforskyving er eit klassisk tema i norsk geologi. Det gjev kunnskap om innlandsisen under siste istid, om jordskorpa og mantelen, og om havnivåendringar gjennom tid og rom. Strandlinja er dessutan kalla Norges viktigaste naturgrense, som til kvar ei tid legg grunnleggjande premiss for både geologiske prosessar og økologisk variasjon i naturen. I tillegg står altså forskyvingar av strandlinja sentralt også i arkeologifaget.

Grunnen til det er at kystfolk til alle tider har opphalde seg mykje heilt nede ved sjøen. Havnivået har difor styrt vår aktivitet gjennom alle dei vel 11.000 åra sidan vi kom til landet etter siste istid. Fyrst og fremst har strandlinja fløtt seg nedover, sidan vi har så sterk landheving i Norge. Men i enkelte periodar har havnivået også stige mykje raskare enn landhevinga, slik spådommen er for heile norskekysten i nær framtid.

Flere arkeologer i lysegrønne jakker ser over steiner.
<p class=Arkeologar undersøkjer menneskespor på ei strand frå fortida. Foto frå den arkeologiske rapporten, attgjeve med løyve frå Norges arktiske universitetsmuseum.

" />

Arkeologar undersøkjer menneskespor på ei strand frå fortida. Foto frå den arkeologiske rapporten, attgjeve med løyve frå Norges arktiske universitetsmuseum.

Gamal havbotn: finkorna, frodig og farlig

I samband med det arkeologiske arbeidet langs Hålogalandsvegen, vart NGU kontakta frå Norges arktiske universitetsmuseum. Dei kunne love finansiering til å kartleggje og datere havnivåendringane ved Hinnøya sidan siste istid og fram til i dag. Det takka vi sjølvsagt ja til, både til hjelp for dei arkeologiske tolkningene, men også for å forbetre vår geologiske kunnskap om naturmiljøet på Norges største øy etter siste istid.

Tidlegare tiders havnivå har vore med på å bestemme kvar lausmassane ligg i terrenget i dag. Det gjeld både den lett dyrkbare gamle havbotnen som gjev frodig jord, og dei potensielt farlege forekomstane av kvikkleire. Kunnskap om strandlinjas forskyving attende i tid er difor viktig for geologisk kartlegging og for mykje av arealbruken langs norskekysten. Da vi fekk nyss om at kollegaer og studentar frå Universitetet i Bergen jobba i nærliggjande område, tok vi kontakt og innleia eit samarbeid.

Kart som viser alle innsjøane vi har teke prøver frå botnen av. Dei tre lengst nord på Hinnøya vart undersøkt av forskarar ved Universitetet i Bergen. Feltarbeidet vart utført både i juni 2021 og på vinterføre i mars 2022. Deretter har vi gjort analysar, tolka resultat og diskutert fram og attende – <a href=før vi endelig publiserte arbeidet nå i 2026. Figur: NGU." />
Kart som viser alle innsjøane vi har teke prøver frå botnen av. Dei tre lengst nord på Hinnøya vart undersøkt av forskarar ved Universitetet i Bergen. Feltarbeidet vart utført både i juni 2021 og på vinterføre i mars 2022. Deretter har vi gjort analysar, tolka resultat og diskutert fram og attende – før vi endelig publiserte arbeidet nå i 2026. Figur: NGU.

Ei forhistorisk havnivåstiging kartlagt i detalj

Ein helt spesiell periode i steinalderen kallast tapes-tida, etter det latinske namnet på ein musling. Perioden vara frå om lag 10.000 til 7000 år sidan, medan eit relativt varmt klima rådde i Norge. Den skandinaviske innlandsisen frå istida var stort sett smelta vekk, men i Nord-Amerika låg det att betydelege isrestar, som heldt fram med å føre enorme mengder smeltevatn ut i havet. Det globale havnivået steig difor framleis raskt.

Hinnøya hadde gjennom dei fyrste tusenåra etter istida stige fleire titals meter opp frå havet, som fylgje av sterk landheving. Dette snudde i tapes-tida, da havnivåstiginga «vann» over den stadig svakare landhevinga. Strandlinja vart brått forskyvd oppover. Mest i vest, mindre i aust.

Tre menn i båt med et rør som brukes til å undersøke leire på bunnen.
Her gjer vi oss klare for kjerneboring. Det lange røyret skal senkast ned til botnen og hamrast ned i sedimenta med eit tungt lodd. Slik kan vi få opptil 6 m lange kjerneprøver. Foto: NGU.
Her gjer vi oss klare for kjerneboring. Det lange røyret skal senkast ned til botnen og hamrast ned i sedimenta med eit tungt lodd. Slik kan vi få opptil 6 m lange kjerneprøver. Foto: NGU.

Dette har vi nå kartlagt i detalj, ved å ta kjerneprøver frå botnen av i alt 25 innsjøar og datere når dei var forbunde med havet. Vi har funne ut at du måtte heilt inn til Evenes, for å få sterk nok landheving til å unngå den store overfløyminga i steinalderen.

Vidare innover langs Ofotfjorden var det ikkje noko auke i havnivået. Men utover mot Vesterålen vart flaumen stadig meir dramatisk. Ved Langøya steig havnivået meir enn ti meter, og det frå eit nivå som var lågare enn dagens!

Diagram av strandlinjehøyder.
Diagram som viser strandlinjehøgder for 8000, 9000 og 9500 år sidan, langs eit profil frå Langøya i Vesterålen innover mot Narvik. Den tydelege skråstillinga er eit resultat av at landhevinga har vore sterkare innover i landet. Kryssande strandlinjer viser kvar det skjedde ei havnivåstiging i eldre steinalder. Figur: NGU.
Diagram som viser strandlinjehøgder for 8000, 9000 og 9500 år sidan, langs eit profil frå Langøya i Vesterålen innover mot Narvik. Den tydelege skråstillinga er eit resultat av at landhevinga har vore sterkare innover i landet. Kryssande strandlinjer viser kvar det skjedde ei havnivåstiging i eldre steinalder. Figur: NGU.

Fotavtrykket til innlandsisen

Den store variasjonen i utslag er eit resultat av skeiv landheving, som igjen reflekterer tyngdefordelinga av innlandsisen på slutten av istida. Isens avtrykk teiknar bilde av ei jamnt skrånande breoverflate, frå den 2–3 kilometer tjukke «isdomen» i Nord-Sverige, mot vest over kystområda og heilt ut til kontinentalsokkelen.

Da isrestane i Nord-Amerika endeleg var smelta vekk, avtok havnivåstiginga og det vart etter kvart havnivåfall att langs heile norskekysten – eit fall som har halde fram til i dag. Havet stod på det høgste for vel 7000 år sidan, da vart den såkalla tapes-strandlinja danna. Det er eit nivå med særleg tydelege strandvollar og strandhakk, som finst mange plassar langs norskekysten.

Vi har kartlagt tapes-strandlinja på Hinnøya, der ho skrår fra ca. 14 meter over havet ved Sortlandssundet, til ca. 25 meter over havet ved Tjeldsundet. Kartlegginga i terrenget kan vi sjå i samanheng med dei geologiske lagfølgjene vi finn på botnen av innsjøar.

En geolog smiler mens han holder en kjerneprøve.
Etter ein strabasiøs skitur gjennom vakkert vinterlandskap er ei ny kjerne henta opp frå eit hol i isen på Førstevatnet i Lødingen. Det minner om isfiske, og gleda over fangsten er den samme. Foto: NGU.
Etter ein strabasiøs skitur gjennom vakkert vinterlandskap er ei ny kjerne henta opp frå eit hol i isen på Førstevatnet i Lødingen. Det minner om isfiske, og gleda over fangsten er den samme. Foto: NGU.

Spor etter Storeggatsunamien

Dei fleste nordmenn kan nok lett sjå for seg korleis isen har forma landskapet vårt, med utgraving av djupe dalar og enda djupare fjordar. Men færre har kanskje tenkt over det dagsaktuelle temaet massedeponering i denne samanheng?

Under istida vart enorme mengder med utgravne massar transportert av isen og smeltevatnet, heilt ut til kontinentalskråninga utanfor norskekysten. Her vart massane avsett, på relativt kort tid og i enorme volum. Det aller største «deposenteret» var ved Storegga utanfor Sunnmøre. Det fekk følgjer. For om lag 8200 år sidan gjekk det eit enormt ras ved Storegga – visstnok det største skredet som er kartlagt på jordas overflate.

Skredet sette i gang ei gigantisk flodbølgje, som har fått namnet Storeggatsunamien. Det er tidlegare funne spor etter tsunamiens ferd langs norskekysten heilt nord til Kjøllefjord i Finnmark. Men kva verknad den hadde ved Hinnøya og i Ofoten, har hittil vore ukjend.

Kart over skredområdet ved Storegga.
Skredområdet ved Storegga er markert i gult. Raude prikkar syner tidlegare kartlagte spor etter tsunamien som herja strendene for om lag 8200 år sidan. Hinnøya er markert. Figuren er modifisert frå <a href=SLN." />
Skredområdet ved Storegga er markert i gult. Raude prikkar syner tidlegare kartlagte spor etter tsunamien som herja strendene for om lag 8200 år sidan. Hinnøya er markert. Figuren er modifisert frå SLN.

Nå veit vi meir. I heile fem innsjøar fann vi tydelege spor etter tsunamiens ferd innover langs Vestfjorden. Ved Erikstad i Lødingen har vi kartlagt at den dundra fleire hundre meter innover land, med ei vertikal oppskyllingshøgde på minst fire meter.

Vi finn også utvetydige spor i ein innsjø på nordsida av Tjeldøya, altså midt inne i det lange Tjeldsundet. Det viser at Storeggatsunamien forplanta seg langt innover i fjordsystema langs kysten utan å brytast opp, noko som var mogleg på grunn av den veldig lange bølgjelengda.

Et bilde av en kjerneprøve fra Erikstadvatnet Lødingen holdes opp. Skjell og kart fra Storeggatsunamien vises også.
Øvst ei av kjerneprøvene frå Erikstadvatnet i Lødingen. Det er grå, marin silt i den nedre halvdelen (frå venstre), med ein overgang til mørk brun gytje (innsjøgjørme) om lag midt i kjerna. Overgangen representerer avsnøringa av innsjøen frå havet, for ca. 9600 år sidan. Litt lenger til høgre er det ei sone med fleire sjikt av grus og sand, og  innslag av marine skjel og skjelbitar. Dette er avsettingar som vart danna da Storeggatsunamien for ca. 8200 år sidan fløymde inn i Erikstadvatnet, som den gong låg nær 4 meter over havet. Skjela ned til høgre (teppeskjel og strandsnegle) vart funne i tsunamiavsettingane. Kartet ned til venstre viser kvar dei fem innsjøane ligg, der vi har funne spor etter Storeggatsunamien. Foto og kart: NGU.
Øvst ei av kjerneprøvene frå Erikstadvatnet i Lødingen. Det er grå, marin silt i den nedre halvdelen (frå venstre), med ein overgang til mørk brun gytje (innsjøgjørme) om lag midt i kjerna. Overgangen representerer avsnøringa av innsjøen frå havet, for ca. 9600 år sidan. Litt lenger til høgre er det ei sone med fleire sjikt av grus og sand, og  innslag av marine skjel og skjelbitar. Dette er avsettingar som vart danna da Storeggatsunamien for ca. 8200 år sidan fløymde inn i Erikstadvatnet, som den gong låg nær 4 meter over havet. Skjela ned til høgre (teppeskjel og strandsnegle) vart funne i tsunamiavsettingane. Kartet ned til venstre viser kvar dei fem innsjøane ligg, der vi har funne spor etter Storeggatsunamien. Foto og kart: NGU.

Jakta på den gode lokaliteten

Undersøkingane våre er basert på geologisk feltarbeid, der vi må ut i naturen og ta prøver, som vi deretter analyserer for å finne svar på kva som hende i fortida. Det er enkelt og tradisjonelt i formen, men på samme tid er det omfattande, det tek tid og er fysisk krevjande.

Dette er ofte essensen i geologisk feltarbeid. Vi førebur oss godt, granskar faglitteratur og tilgjengelege kart og datasett. Vi har mange idéar, men vi veit likevel aldri heilt kva vi kjem til å finne. For det er framleis slik at mykje av Norges geologiske historie er ukjend. Og sjølv om nye analysemetodar og avansert datateknologi gjev fantastiske moglegheiter, kjem vi ikkje vekk frå at nye geologiske funn ikkje kan modellerast fram, ei heller tryllast fram med kunstig intelligens.

Våre modellar og rekonstruksjonar kan sjå svært så sofistikerte og detaljerte ut, men blir likevel aldri betre enn dei data og observasjonar dei byggjer på. Difor er vi alltid på utkikk etter den gode lokaliteten. Den som kan gje detaljerte lagfølgjer, tydelege sediment og strukturar, fine fossil og moglegheiter for datering.

Hinnøya og Tjeldøya gav oss eit par slike – og med det den frapperande opplevinga av fire-dimensjonal naturhistorie. Erfaringane tek vi med oss vidare i feltgeologiens gjerning, som gode og lærerike minne frå eit mangfaldig, vakkert og spennande landskap i nord!

Bibbitjønna ved Erikstadfjorden viser et lite vann med høstskog og noen fjell rundt.
Ein vakker geologisk lokalitet: Bibbitjønna ved Erikstadfjorden. Her på om lag 9 meter over havet låg strandlinja for 3200 år sidan. Foto: NGU.
Ein vakker geologisk lokalitet: Bibbitjønna ved Erikstadfjorden. Her på om lag 9 meter over havet låg strandlinja for 3200 år sidan. Foto: NGU.

Les mer