Teknisk

Kor mykje vatn bør eg ha, og kor stor er sjansen for ikkje å få nok?

Det er utarbeida ein rettleiande tabell for kor mykje vatn som forbrukast pr. døgn av ein husstand, eit gardsbruk, ei hytte etc.

Forbruker Forbruk gjennomsnitt liter/døgn Forbruk maks liter/døgn
Enebolig (pr person) 150-200 400
Vanlig husstand (4 personer) 500-600 -
Jordbruk (pr ku) 75 120
Jordbruk (pr sau) 8 20

 

Kor mykje vatn gir brunnar i nærleiken?

Nasjonal grunnvannsdatabase (GRANADA) inneheld detaljerte opplysingar om grunnvass- og energibrunnar i fjell og lausmasser. GRANADA gjer óg opplysingar om kor mykje vatn brunnar i området gir.

Korleis får eg mest mogleg vatn ut av brunnen?

Dersom brunnen er bora kan vassmengda aukast ved hjelp av hydraulisk trykking eller sprenging.

Kor mykje vatn kan eg forvente frå ein brunn i fjell?

Vassmengda vil vere avhengig av fjellets eigenskapar (bergart og oppsprekking). Kapasiteten på fjellbrunnar i Noreg varierer oftast mellom 0,05 og 2 l/sek med ein middelverdi på 0,15 l/sek.

Kan eg installere pumpa rett etter boring?

Det er mogleg, men det beste er å la brunnborefirmaet prøvepumpe brunnen først med si eiga pumpe. Slik unngår du unødig slitasje på di eiga pumpe grunna mykje slam som vil vere i brunnvatnet etter boring. Se elles neste spørsmål om å pumpe brunnen før bruk.

Treng eg å pumpe brunnen før bruk?

Ja, det vil vere boreslam både i sprekkane og på veggane inne i brunnen, som bør reinskast ut mest mogleg. Brunnen bør pumpast med intervallar, særleg om den gir lite vatn. Det vil seie at brunnen pumpast slik at vasstanden synk mest mogleg. Deretter lar ein vatnet stige til maksimal vasstand og starter pumpa att. Dette gjentakast ein del gonger. Slik oppnår ein slags vaskemaskineffekt der vatnet stig og synk. Slik vaskast brunnveggane fri for slam. For brunnar som gir svært lite vatn, kan ein oppleve at brunnen pumpast tom. Ein brunn som i det heile tatt gir vatn, vil eigentleg aldri bli heilt tom. Det som skjer er at pumpa etter kvart sug inn luft saman med vatnet. Det som no kjem ut av slangen er brunnen sin faktiske leveringskapasitet. Ein bør bite seg mrke i kor lang tid det tar å pumpe brunnen tom. Samstundes tida det tar til han når opp til maksimal vasstand. Mengda vatn frå pumpa og opp til maksimal vasstand i brunnen vil verke som eit vassreservoar. Pumper har ikkje godt av å suge luft. Ein kan då installere eit elektrisk tidsur eller vassnivåmålarar i brunnen som regulerer når pumpa slår seg av og på.

Kor lenge skal brunnen prøvepumpast før bruk?

For å unngå at pumpeutstyr, trykktank, målarar osb. vert skada, bør vatnet vere klart når dette utstyret installerast. For enkelthushaldningar trengst det sjeldan å prøvepumpast lenger enn ei veke. For vassverk er det anbefalt å prøvepumpe brunnen i eitt år. Slik kan ein få med årssvingningane /-variasjonane i kapasitet og kvalitet.

Korleis vert brunnen klargjort før bruk?

Før brunnen takast i bruk bør den prøvepumpast. Alle installasjonar som trykktank, trykkmålar og anna brunnteknisk utstyr må vere på plass før tilkobling. Klargjering av brunnen utførast av brunnborer og autorisert rørleggar og elektriker.

Kvifor forsvinn vatnet i brunnen?

For lite vatn kan ha fleire årsakar, mellom anna:

  • For lite innsig av vatn frå fjellsprekken samanlikna med forbruk
  • Lav grunnvasstand i tørre periodar av året, særleg om mesteparten av vatnet kjem inn høgt oppe i brunnen
  • Tett pumpe (til dømes metallutfellinger, begroing eller at botnslammet i brunnen står over pumpa)
  • Feil ved pumpe eller lekkasje i vassleidning / armatur

Kor skal eg plassere brunnen min?

Om mogleg bør ein unngå heilt flate stader og plassar der terrenget dannar ei forsenking. Dette for å unngå at overflatevatn ikkje så lett vil samle seg rundt brunnen ved nedbør eller snøsmelting. Unngå myr. Ein må å vurdere moglege forureiningskjelder. Dette er omtalt under plassering av brønnen.

Er det naudsynt med forings- /brunnrør?

Brunnrørets hovudoppgåve er å halde lausmasser og overflatenært vatn unna brunnen. Foringsrøret hindrer lausmasser i å rase ned i brunnen. Det monterast slik at det stikk opp omlag 40 cm. over bakken og minimum 2 meter ned i fjellet. Dette gjer at overflatevatn ikkje kan forureine brunnen via røret. På toppen av brunnrøret monterast eit lokk som forhindrar at smådyr/insekt kjem ned i brunnen.

Kor langt bør forings- /brunnrøret vere?

Foringsrøret bør borast minimum 2 meter ned i fast fjell. NGU-prosjekt syner i tillegg at brunnrøret bør vere minimum 6 meter uavhengig av lausmassetjukkelsen over fjell. Det vil seie at om lausmassedekket er tynt, vil foringsrøret verte bora djupere ned i fjell enn 2 meter. Ytterligare informasjon om brunnutforming er skildra her. Om brunnen etter boring skal forast innvendig med plastrør til meir enn 6 meters djup, er det tilstrekkeleg å bore foringsrøret 2 meter ned i fast fjell.

Forings- /brunnrøret er rustent. Vil dette påverke vasskvaliteten?

Ikkje naudsynleg. Det finst mange eksempel på at brunneigar ikkje har nokre problem med eit slikt rør. For hyttebrunn som sjeldan nyttast, kan det vere lurt å fore med eit innvendig plastrør. Dette bør takast omsyn til når brunnen vert bora. Det renn vatn inn i botnen av foringsrøret. kva gjer eg? Montering av eit innvendig plastrør med ei gummipakning i botnen vil stenge for dette vatnet. Ved montering er det viktig at brunnveggen er så glatt som mogleg slik at gummipakninga tetter ordentleg. Videoinspeksjon vil vere nyttig for å finne ei gunstig plassering.