Landheving og havnivåendringer


Marine avsettingar på land - til dømes terrassar, strandvollar eller delta - er saman med moreneryggar dei tydelegaste spora etter den store innlandsisen som dekte Noreg under siste istid. Bakken under oss kan synast solid nok, men i realiteten står vi på ei tunn skorpe som dekkjer ein seigtflytande mantel. Det skal difor ikkje mykje last til før jordskorpa bøyer seg. Til tjukkare isen er, til meir vil skorpa pressast ned.
Kartlegging av kvar og kor høgt vi finn spor etter havet, er difor i praksis ei kartlegging av avtrykket etter isen. Det same avtrykket kan vi sjå i form av raten til dagens landheving. I Skandinavia er hevingsraten sterkast kring den svenske byen Umeå ved Bottenvika. Mot slutten av siste istid låg truleg domen til den skandinaviske innlandsisen over dette området. Ut frå nedpressinga og det vi veit om eigenskapane til skorpe og mantel kan vi anslå at innlandsisen her var om lag 3000 meter tjukk.
Isen smelta og havet steig
Samstundes veit vi at ei enorm mengd vatn var lagra som is på land under istidene. I dag er 10% av jordoverflata dekt av is. For 20 000 år sidan da siste istid var på sitt verste, var om lag 25% av overflata isdekt. Isavsmeltinga tok så til og sidan har den globale havoverflata stige om lag 125 meter.
For norskekysten sin del har altså denne prosessen jamna ut noko av verknaden av landhevinga. Vi kan seia at både havnivået og landnivået har stige - med ulike ratar. Stort sett har landhevinga vore sterkast, men det finst viktige unntak. Summen av desse to endringane ser vi som endring i plassering av strandlina. Geologar talar difor om strandforskyving eller relative havnivåendringar når dei diskuterer kva endringar som har skjedd - og skjer - langs norskekysten.

Den store pila til venstre representerer total heving
av jordskorpa etter siste istid. Den vesle blå pila syner havnivåstiginga
som har skjedd gjennom same tidsrom. Den svarte pila syner summen
av dei to - eit fall i relativt havnivå frå marin grense
ned til nåtidas havoverflate. Figur: Harald Sveian, NGU.
Marin grense
Norskekysten vart ikkje isfri på ein sommar - det tok fleire tusen år for brefronten å trekkje seg innover frå dei ytste skjer til inste fjordbotn. Lokal topografi over og under vatn, tilfanget av is (nedslagsfelta til brearmar) og klimaendringar under nedsmeltingsperioden gjorde at avsmeltinga skjedde i rykk og napp. Havvatnet derimot dekte naturlegvis med ein gong dei isfrie områda opp til datidas strandline.
Den etterfylgjande, sterke landhevinga har gjort at denne eldste strandlina i nesten alle område i Noreg også er den høgstliggjande. Denne høgda kallar geologane marin grense (MG). På grunn av variasjonane i nedpressing (tjukkleiken til innlandsisen) og den stegvise, langsame isavsmeltinga langs norskekysten, varierer høgda til MG mykje. På Sør-Austlandet og i Trøndelag når MG over 200 moh. Desse faktorane og topografien sette viktige premiss for kvar i Noreg vi i dag finn store område med grøderikt jordbruksland på gammal havbotn. Dei finkorna marine avsettingane er også utsette for erosjon, utglidingar og i nokre tilfelle kvikkleireskred.
- NGUs karttinnsyn over Løsmasser med marin grense
- Informasjon om bruk av kart over Marin Grense
- Kart over fare- og risikosoner for kvikkleireskred på NVEs nettsider

Rekonstruksjon av strandforskyving
Ved å kartleggje og datere spor etter MG og lågareliggjande strandliner kan geologar finne ut korleis strandforskyvinga - eller det relative havnivået - har utvikla seg sidan siste istid og fram til i dag. Strandforskyvinga fortel om variasjonar i istjukkleik og om dei geofysiske eigenskapane til jordskorpe og mantel. Vi veit at det globale havnivået i dag stig raskt og med akselererande rate. Detaljerte rekonstruksjonar av fortidas havnivåendringar og god innsikt i årsakssamanhengane som ligg bak, er heilt sentral kunnskap for å forstå alvoret i dagens situasjon. Kjennskap til strandforskyving er også viktig for å forstå landskapsutviklinga i kystområde. I mange tilfelle har fjordar vorte til innsjøar, sund har vorte stengd, men også i nokre tilfelle opna att. Nye øyar og landskap har dukka fram og vorte kolonisert med planter, dyr og ikkje minst menneske. Denne kunnskapen er difor viktig også i arkeologifaget, der gamle strandliner kan fortelja alderen til kystnære buplassar og andre funn.
