Kvartærgeologisk kartlegging, Askvoll, Sogn og Fjordane.

Kartblad 1117 IV er kvartærgeologisk kartlagt i målestokk 1:50 000. På grunn- lag av isskuring er to isrørsleretningar av ulik alder rekonstruerte, ei vestleg som må vere av pre-Yngre Dryas alder og ei NNV som korresponderar godt med Yngre Dryas - endemorenen. Kornfordeling og bergartsinnhold av lausmassane er undersøkt. Morenematerialet er gjennomgåande sandig og grusig. Morenematerialet må karakteriserast som lokalt. Breelvmateriale er funne på Furuneset. Furset og ved Askvoll sentrum. Ingen av sand- og grusførekomstane er økonomisk drivverdige. Ein del av urane i Askvoll-området er godt nyttbare som fyllmasser. Karakteristisk for området er store areal med tynt humusdekke, oftast med røsslyng over. Ein har prøvt å skilje ut desse areala på kartet. Det norske myrselskap har gjort omfattande granskingar i området, og omtalen av myrane byggjer også på deira resultat.

This publication is not available for download.

Available:
NGU-biblioteket
Series:
NGU-rapport
Series nr:
1560/2
Page number:
43
ISSN:
0800-3416
Document type:
Rapport