Hydrogeologisk utgreiing, Nesstrond vassverk

Noregs geologiske undersøking (NGU) blei i april 2008 førespurt av Nesstrond vassverk om å foreta ei hydrogeologisk utgreiing i forbindelse med søknad om godkjenning av vassverket. Vassverket tek vatn frå to oppkome, og formålet med undersøkinga er å vurdere om vassverket oppfyll kravet om to hygieniske barrierar i samsvar med Drikkevassforskrifta. Synfaring blei utført 3. juli 2008. Temperaturmålingar og vassprøvar er teke i perioden 3. juli 2008 til 18. august 2009. Den mikrobiologiske vasskvaliteten har ut i frå analyseresultata frå uttekne vassprøver vore god gjennom fleire år. Temperaturmålingar av grunnvatnet ved hjelp av automatiske temperaturloggarar, har samstundes vist stabil vasstemperatur gjennom året. Dette tyder på at grunnvatnet i hovudsak har lang opphaldstid i grunnen. Likevel tyder enkeltmålingar på at oppkoma kan påverkast av smeltevatn med kortare opphaldstid i grunnen. Det konkluderast likevel med at vassverket bør tilfredstilie kravet om to hygieniske barrierar under føresetnad av at dei foretar ein klausulering rundt oppkoma som hindrar framtidig forureining av infiltrasjonsområdet. Det er utarbeidet et forslag til klausuleringssoner rundt kjeldene som vist i kartvedlegg 3.

Download publication

Available:
NGU-biblioteket
Series:
NGU-rapport
Series nr:
2009.045
Page number:
22 s.
ISSN:
0800-3416
Document type:
Rapport
Project:
Mindre samarbeidsprosjekter - Grunnvann og grunnvarme
Project nr:
271200
Fylke:
Hordaland