Grunnvatn i Sokndal kommune

Sokndal er ein B-kommune i GiN-prosjektet. Vurderingane byggjer på tidlegare undersøkingar og på kartstudier. Vassbehovet er berekna etter 250 liter/ person pr. døgn. Det er prioritert fire område i kommunen: Nesvåg-Vatland: ("Mogeleg"). Spreidd busetnad gjer det aktuelt å bruka fleire vasskjelder. Truleg mogeleg å dekka vassbehovet ved å bora fleire brønnar i fjell. Bergly-Berrjod: ("God"). Boring i fjell kan truleg dekka vassbehovet. Ålgård-Mysse: ("Mogeleg"). Truleg mest aktuelt med utnytting av to vasskjelder Ei lausmasseavsetning ved Ålgård vil truleg vera eigna for grunnvassforsyning. Ved Mysse vil fjellboring truleg gje nok vatn til å dekka behovet. Mydland: ("Mogeleg"). Fleire brønnar i fjell vil truleg kunna dekka behovet for vatn. Få opplysningar om fjellgrunnen sine eigenskapar i kommunen gjer at vurderingane er relativt usikre. Konklusjonen byggjer på erfaringar i nabo- kommunane.

Download publication

Available:
NGU-biblioteket
Series:
NGU-rapport
Series nr:
92.110
Page number:
11
ISSN:
0800-3416
Document type:
Rapport
Fylke:
Rogaland