Grunnvatn i Sandnes kommune

Sandnes er ein A-kommune i GiN-prosjektet. Det er prioritert seks område for nærmare vurdering. Vurderingane byggjer på synfaring og boringar, samt samanstilling av tidlegare undersøkingar. Vassbehovet er berekna etter 250 liter/person pr. døgn. Prioriterte område: Høle: Mogeleg å nytta kjelder, evt. med supplement frå boringar i fjell/lausmassar. ("Mogeleg"). Bergsågel-Ims: Fleire borebrønnar i fjell for å få dekka vassbehovet.("Mogeleg Svilandsområdet: Vurdering for å finna evt. reservevasskjelder. Eit område er godt eigna for brønnar i lausmassar. ("God"). Bjelland-Hommelsåk: Avsetningar ved Lutrivatnet kan vera eigna ("Mogeleg"). Bråstein-Foss-Eikeland: Vurdering for å finna evt. reservevasskjelder. Fleire lausmasseavsetningar kan vera eigna. Desse må undersøkjast betre. ("Mogeleg"). Kjosavik-Tengesdal: Mest aktuelt med utnytting av fleire vasskjelder. Truleg mogeleg å dekka vass- behovet. ("Mogeleg").

Download publication

Available:
NGU-biblioteket
Series:
NGU-rapport
Series nr:
92.097
Page number:
13
ISSN:
0800-3416
Document type:
Rapport
Fylke:
Rogaland