Grunnvatn i Lund kommune

Lund er ein A-kommune i GiN-prosjektet. Vurderingane byggjer på synfaring og boring, samt samanstilling av tidlegare undersøkingar. Det er prioritert fire område i kommunen for ei nærmare vurdering. Vassbehovet er berekna etter 250 liter/person pr.døgn. Prioriterte område: Ualand: Ei lausmasseavsetning på nordsida av Bilstad- vatnet vil truleg gje nok vatn til å dekka behovet ("Mogeleg"). Eik-Lunnan: Grunnvatn er allereie i bruk i dette området. Det er truleg mogeleg å auka kapasiteten til eksisterande anlegg. ("Mogeleg"). Eide: Ein borebrønn i fjell vil truleg dekka vassbehovet. ("Mogeleg"). Moi: I sørende av Hovsvatnet er det lausmassar som truleg er eigna til grunnvassforsyning. ("Mogeleg").

Download publication

Available:
NGU-biblioteket
Series:
NGU-rapport
Series nr:
92.096
Page number:
13
ISSN:
0800-3416
Document type:
Rapport
Fylke:
Rogaland