Bruk av multistråleekkolodata for å påvise skipsvrak i Skagerak

Etter krigen ble det dumpa fleire (>30) skip fullasta av ammunisjon/kjemiske våpen i Skagerarrak. FFI lokaliserte 15 vrak ved hjelp av sidesøkende sonar i 1989 og inspiserte fem av ei med ROV. I 2002 blei fire av desse vraka inspiserte på nytt. Posisjonen til dei resterande vraka er ukjent. Siden vraka representerer ein miljøtrussel er det viktig å halde oppsikt med dei og treffe tiltak som kan avgrense trusselen. I løpet av 1990-åra har Sjøkartverket kartlagt store deler av Skagerrak med multistråleekkoloddet Simrad EM 100. Desse data har NGU brukt i samarbeid med andre institusjoner i et storstilt tverrfagleg prosjekt for kartlegging av geologi og miljøstatus i Skagerrak (Longva og Thorsnes 1997). Datasetta er flatedekkande er gridda i 10 m celler eller 3 m celler. Dette tilseier ei oppløysing som gjer det mogleg å kjenne att objekt på storleik med vraka som typsik er 50-150 m lange. Til djupare vraka ligg, til meir usikre blir observasjonane. I datasettet frå Skagerrak har vi påvist 34 objekt som kan vere vrak. For dei 15 vraka som FFI har påvist tidlegare ser vi tydelige haugar i 8 tilfelle. Sidan desse vraka er eit stort miljøstrugsmål, bør funna våre følgjast opp med ROV-undersøking. Sidan vassdjupet tilseier at vraka ligg i ytterkanten av måleområdet til ekkoloddet som blei brukt, er usikkerheita i datasettet stort, og ein bør derfor gjennomføre nye målinger i dei mest aktuelle områda. Registreringane må gjennomførast med nyare og betre ekkolodd frå båt eller AUV. Svært sannsynleg vil ein kunne verfisere dei fleste vraka på den måten. Frie emneord: Multistråleekkolodd ; Skipsvrak

Download publication

Available:
NGU-biblioteket
Series:
NGU-rapport
Series nr:
2004.039
Page number:
18
ISSN:
0800-3416
Document type:
Rapport
Project:
MAREANO
Project nr:
294800