Botntype og sedimentmektigheit i utvalde område av Hardangerfjorden

I samarbeid med Hordaland fylkeskommune gjennomførte NGU feltarbeid med F/F "Seisma" i ytre Hardangerfjord i perioden 4. til 10. august 2004. Vi kartla djupner i tre område - nordsida av Halsnøy, austsida av Huglo/Skorpo og rundt Øve - med GeoSwath interferometrisk sonar. Sonaren har ei rekkevidde ned mot 90 m djup. I tillegg til å samle inn djupnedata, har vi kartlagt akustisk reflektivitet frå havbotnen - såkalla backscatter. Dette gir eit mål på kor hard og/eller ru botnen er. Dette er viktig informasjon for tolkning av botntyper. Samtidig med djupnemålingane opererte vi høgoppløyseleg seismikk (TOPAS). Totalt blei det samla inn 152 linjer på tilsaman 237,5 km. Vi gjorde ei første prosessering av djupnedata i felt. Basert på det, backscatterdata, tok vi 47 prøver med grabb, og gjorde videopptak for å verifisere tolkinga av havbotnen. Basert på innsamla data, er det laga ei tolking over sedimenta på botnen. Generelt er i botnen i dei djupare delene dekte av fin sand eller slam, medan dei grunne områda har fjell i dagen, eller er dekte av grusige, steinige sediment med flekkar av grovare sand. NGU vurderer resultata av kartlegginga som er gjennomført, til å gi godt grunnlag mellom anna for vurdering av område eigna for havbeite, plassering av oppdrettsanlegg og skjelfarmar og informasjon om ankringsforhold for anlegg brukte av havbruksnæringa.

Download publication

Available:
NGU-biblioteket
Series:
NGU-rapport
Series nr:
2005.017
Page number:
34
ISSN:
0800-3416
Document type:
Rapport
Project:
Bunntypekartlegging, Hardangerfjorden
Project nr:
306800
Fylke:
Hordaland