April 12th 2016

Nytt kart over kritiske mineral i Europa


KARTLAGT: Her er eit utsnitt av det nye europeiske kartet over kritiske mineral i Europa. Heile kartet kan du sjå i kartlenka i spalta til høgre.
Eit nytt europeisk kart viser førekomstar av kritiske mineral i verdsdelen. Kartet syner at Noreg har resssursar av både beryllium, kobolt, fosfor, grafitt og sjeldne jordartsmineral.

Norden er rekna for å vere blant dei mest lovande områda i Europa når det gjeld framtidige funn av metall og industrimineral. Europa brukar 30 prosent av verdas mineral, men produserar berre tre prosent.

Strategisk viktige

Europas industri og økonomi står og fell med ein sikker og god tilgang på mange råvarer. EU har definert ei rad mineral som kritiske og strategisk viktige for mange industriområde, ikkje minst innanfor grøn teknologi.

I dag inneheld lista følgjande kritiske mineral: Antimon, beryllium, bor, flusspat, fosfat, gallium, germanium, grafitt, indium, silisium, kobolt, metallurgisk koks, krom, magnesitt, magnesium, niob og wolfram. I tillegg kjem platinagruppa sine metall ruthenium, rhodium, palladium, osmium, iridium og platinum, samt sjeldne jordartsmetall.

Desse minerala har stor samfunnsøkonomisk verdi i tillegg til at dei kan vere utsett for forsyningsrisiko, og det er desse råmateriala som no er samla på det nye europakartet. EU ønskjer å redusere risikoen ved å skaffe seg oversikt over moglege ressursar i Europa.

Noregs berggrunn

Henrik Schiellerup.

Berggrunnen i Noreg inneheld førekomstar av fleira av desse råmateriala, og det nye kartet viser kor dei kan finnast: Her ser vi mellom anna at kobolt finst i Modum i Buskerud, Råna ved Narvik og Flåt i Evje. Samstundes er det moglegheiter til å finna fosfat i Egersund i Rogaland og i Misværdalen i Nordland, grafitt i Lofoten-Vesterålen og beryllium ved Høgtuva i Nordland.

- Kartet er viktig for å dokumentere utbreiinga av viktige mineral, som vi kjem til å ha stort framtidig behov for, seier leiar Henrik Schiellerup ved Laget for mineralressursar ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

Kartet er utarbeid av det europeiske forskingsprogrammet ProMine i samarbeid med Eurogeosurveys' Mineral Resource Expert Group. Informasjonen om Noreg er henta frå Fennoscandian Ore Deposits Database (FODD), kor Noregs geologiske undersøking er ein aktiv partnar.