December 11th 2015

Skredforskar med årets publikasjon


Forskar Thierry Oppikofer takka også sine medforfattarar under prisutdelinga på NGU nyleg.
Skredforskar Thierry Oppikofer er heidra med pris for årets publikasjon ved Noregs geologiske undersøking.

Heideren vart gitt for ein artikkel som oppsummerar mange års utvikling og systematisering av fjellskredkartlegging i Noreg. Artikkelen tar også for seg bakgrunnen for dagens arbeid med fjellskredfare, databasestruktur, innhald, kartteneste og nytten av databasen for ulike brukarar.

I juryens grunngjeving heiter det mellom anna at artikkelen er godt eigna til å skape interesse for både geologi og for jorda som ein dynamisk planet i stadig endring, også innanfor tidsrom som vi som menneske både kan oppleve og forstå.

Mange brukarer

- Brukarane er NGUs og NVEs geologar, men også konsulentar, fagfolk med ansvar for arealplanlegging i kommunar og fylkeskommunar, og ikkje minst folk flest som endeleg kan bli informert om fjellskredfaren, sa avdelingsdirektør Øystein Nordgulen ved NGU då han heidra Thierry Oppikofer og hans medforfattarar under julelunsjen fredag.

Eit viktig grunnlag for databasen er eit fare- og risikoklassifiseringssystem som NGU og NVE dei siste åra har utvikla saman med nasjonal og internasjonal ekspertise.

- Dette har ført til ei sterk effektivisering av Skredlagets kartlegging av ustabile fjellparti og gjort dette arbeidet mykje meir systematisk, sa Nordgulen som meinte databasen om ustabile fjellparti er ein suksess på mange måtar.

Godt samarbeid

- Samarbeidet mellom Laget for geomatikk og Skredlaget på NGU må spesielt framhevast: Det er utvikla ein svært kompleks og innhaldsrik nasjonal database om ustabile fjellparti. Karttenesta er utvikla i Geomatikklaget og skal nå nettlanserast i starten av 2016 på NGUs og NVEs nettsider.

Referanse til artikkelen:
Oppikofer, T., Nordahl, B., Bunkholt, H., Nicolaisen, M., Jarna, A., Iversen, S., Hermanns, R. L., Böhme, M. & Molina, F. X. Y. 2015: Database and online map service on unstable rock slopes in Norway — From data perpetuation to public information. Geomorphology, v. 249, p. 69-81.