October 1st 2015

Arktisk PCB-rapport vart til barnebok


NGU-forskar Rolf Tore Ottesen er ein av forfattarane av PCB-rapporten frå Svalbard. No har ein del av innhaldet vorte til ei barnebok om Bjørnis.
Ein forskingsrapport om PCB og andre miljøgiftar på Svalbard har inspirert forfattar og skodespelar Sofie Cappelen til å skrive ei barnebok om isbjørnen Bjørnis.

- Det er svært morosamt at kunnskap frå forsking endar i eit kunstnerisk uttrykk for barn, seier seniorforskar Rolf Tore Ottesen ved Noregs geologiske undersøking (NGU). Han er ein av mange forskarar som står bak den omfattande Svalbard-rapporten frå 2011.

- Svalbard er ramma av global forureining. Sjølv om PCB har vore forbode i fleire tiår, finst giftstoffa framleis i miljøet. Både aleine, og i ein kombinasjon av andre miljøgifter, har PCB ein negativ påverknad mellom anna på isbjørn, polarrev, kvalross og fuglar. Miljøgiftene veikjer evna til reproduksjon og kan forårsake for tidleg død, seier Ottesen.

Flaskepost til barn

Boka handlar om vesle Bjørnis som bur på toppen av jorda, i isbjørnparadis, saman med selar, ismåker og snøkrystallar. Ein dag får Bjørnis vondt i magen og på nattehimmelen dansar raude prikkar han aldri har sett før. Etter eit besøk hos kvalen Ross, avgjer Bjørnis at han vil senda ein flaskepost ut i verda. Han ønskjer at barn kan hjelpe til med å stanse forureininga.

"Bjørnis og de røde prikkene" er inspirert av rapporten "PCB på Svalbard", utgjeve av Sysselmannen på Svalbard i 2011. Barneboka har vorte ein litterær og biletleg reise i dei problemstillingane rapporten løftar fram.

- Målet er å gi kunnskap om årsak og verknad i miljøet, spora til menneska i naturen og behovet for berekraftige forbruksvanar, skriv Svalbards miljøvernfond på sine heimesider. Dei har støtta utgjevinga med 100.000 kroner.

Rim og rytme

Historia er skrive på rim. Forfattaren nyttar seg av klassiske forteljargrep, som kampen mellom det vondet og det gode, dyr med menneskelege tankar og kjensler, og dei gode hjelparane.

Boka er illustrert av Veronica Falsen Hiis og Martin Nesheim, og utgjeve på Kvitøya Forlag,

Forfattar Sofie Cappelen har tidlegare utgjeve barneboka Godnattareglen. Ho har hatt fleire rollar i norsk film og TV, og utdannar no seg til psykolog ved Universitetet i Oslo.

Halvard Pedersen og Qno Lundkvist har vore prosjektleiarar og ansvarlege for bokprosjektet. Dei var òg medansvarlege for PCB-rapporten gjennom Sysselmannen på Svalbard og det dåverande Klima- og forureiningsdirektoratet.