September 29th 2015

Berginga av Bryggen i bokform


Hydrogeolog ved NGU, Hans de Beer, blar i boka som dokumenterer den vellukka berginga av Bryggen i Bergen.
NGU var med då Bryggen i Bergen vart berga. No kjem historia om redningsaksjonen, i ei heilt ny bok.

Boka, som blir gitt ut av Riksantikvaren, har gullfarga permar. Det kan kanskje vere ei ekstra understreking av at dette vart ein vellukka redningsaksjon, der fleire aktørar og etatar arbeidde saman og der målet vart nådd.

15 år etter at det vart oppdaga at grunnen var ustabil under den kulturhistoriske skatten midt i Bergen sentrum, kan hydrogeolog Hans de Beer, som leier Laget for grunnvatn og urbangeologi på NGU, konkludere med at grunnvatnet under Bryggen er heva til eit berekraftig nivå.

Skeive hus på Bryggen. I år 2000 vart det for alvor slått alarm over alvorlege setningsskadar i undergrunnen.

Store setningsskadar

Historia begynner i år 2000, då dei store setningsskadane under Bryggen blir oppdaga. Heile bryggerekka vaklar og store undersøkingar blir sett i gong. I 2005 får NGU telefonen frå Bergen med spørsmål om å hjelpe til. Det blir starten på eit ti år langt arbeid i lag med dei andre aktørane i prosjektet.

Noregs største regnhage (bilete frå boka)

- Vi såg raskt at problema stamma frå grunnen under eit nytt hotell i enden av Bryggen. Byggearbeida der førte til at grunnvatnet lekka ut i fjorden, og det ga betydeleg ustabilitet. Vi brukte seks år på å dokumentere, kartleggje, bevise årsakssamanhengane og komme opp med realistiske løsningsforslag, seier de Beer.

I boka har han og kollega Anna Seither beskrive grunnvassproblema og behovet for vatnbalanse i undergrunnen - og korleis ein har snudd den negative utviklinga under Bryggen i Bergen. Grunnvasslekkasjane under hotellet vart stoppa ved å tette gamle spuntveggar, auke drensnivået og etablere ei underjordisk grøft. Samtidig vart Noregs største regnhage laga bak Bryggen, der blir regnvatnet no samla og reinsa, før det bidreg til økt vassnivå i undergrunnen.

Setter standarden

Ei breidt samansatt gruppe frå ulike etatar og aktørar har jobba saman for å berge Bryggen i Bergen. I forgrunnen med skjerf: Hydrogeolog Hans de Beer frå NGU.
Ei breidt samansatt gruppe frå ulike etatar og
aktørarhar obba saman for å berge Bryggen i
Bergen.I forgrunnen med skjerf: Hydrogeolog Hans
de Beer frå NGU.

For NGU har rehabiliteringa av Bryggen for alvor introdusert urbangeologien som fag, og liknande arbeid er på gang i kjølvatnet av prosjektet i Bergen.

Hans de Beer peiker likevel på at den aller viktigste effekten er den fornya samhandlinga og forståelsen mellom geologi og arkeologi.

- Grunnvatn er definitivt sett på dagsorden innanfor kulturminneforvaltninga. Resultata frå Bergen viser kor viktig det er å ha kontroll på grunnvannsforholda, det kjem no til å bli standard prosedyre i liknande prosjekt, seier de Beer.

Den nye boka blir derfor ikkje berre ein elegant sluttrapport for eit vellukka prosjekt. Den kan også bli ei lærebok for seinare prosjekt i inn- og utland.