September 16th 2015

Undersøkjer stader for lagring av farleg avfall


Langøya ligg utanfor Holmestrand. Om sju år er deponiet på øya fullt. Foto: Norge i bilder
NGU skal delta i arbeidet med å vurdere moglege stader for deponi av farleg avfall i Noreg. Dagens deponi utanfor Holmestrand blir fullt i 2022.
Jan Cramer
Avdelingsdirektør
Jan Cramer, NGU

- Dette er eit interessant arbeid som vi skal gjere saman med Miljødirektoratet i løpet av hausten, fortel avdelingsdirektør Jan Cramer ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

Det er Klima- og miljødepartementet som har bede Miljødirektoratet om å tilrå egna stader for eit framtidig deponi av farleg avfall i Noreg. Tilrådinga skal føreliggje innan 1. mai neste år.

Gruver og uttak

NGU skal sjå på til saman 12 gruver eller pukkverk (talet i teksten er retta frå 13 til 12 den 5. oktober - red. anm.) som kan egne seg til formålet rundt omkring i landet, og samanstille ein rapport basert på eksisterande kunnskap og data. Rapporten skal mellom anna innehalde ei vurdering av geologien på kvar enkelt stad, moglege effektar av gruvedrift og uttak, og om bergartane er egna som barriere mot vassbasert transport inn og ut av deponiet. Noreg har internasjonale forpliktingar om å ta hand om eiget avfall. I Norden er det etablert ein eigen marknad for behandling av farleg avfall, kor Noreg i hovudsak eksporterer organisk avfall og importerer såkalla flygeoske frå andre nordiske land.

Oske frå forbrenning

Flygeoske stammer frå forbrenning av avfall og blir deponert. Stadig meir avfall går til forbrenning og mengda aukar. På Langøya utanfor Holmestrand opererer NOAH eit mottak for farleg uorganisk avfall. Her vert flygeoske nytta til å nøytralisere svovelsyre. Syra og oska dannar gips, og vert deponert i eit nedlagt kalksteinbrot.

- NOAH har løyve til å ta imot farleg avfall til og med 2026, men har rekna seg fram til at deponiet er fylt opp i 2022 med dagens mottaksvolum, skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Miljødirektoratet har også sendt ut eit tilbod og ein førespurnad til utvalde konsulentar om å vurdere nærare forholda ved dei lokalitetane NGU peiker på som mest aktuelle. Det gjeld mellom anna hydrogeologi, transportinfrastruktur, trafikkpåkjenning og støy.