September 8th 2020

Lufttrykk aukar skadane ved fjellskred


Her ser vi både utløysingsområdet for fjellskredet høgt oppe i fjellsida og samstundes avsetningane etter skredet. Foto: NGU
Kraftige luftstraumar med fragment av knust berg kan auke elles store øydeleggingar ved stein- og fjellskred. Såkalla «airblasts» kan drepe menneske og slå ned skog heile tre kilometer unna sjølve skredet.

- Sjølv om nokre ekstreme luftstraumar har vore dødelege, er det gjort lite forsking på å dokumentera deira destruktive potensial. Farevurderingane ved fjellskred tar heller ikkje omsyn til dei, seier skredforskar Ivanna Penna ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

Tropisk orkan

Saman med kollegar har Penna analysert «airblasts» over heile verda, inkludert ei tidlegare ikkje-rapportert hending i Yumthang-dalen i den indiske delen av Himalaya i 2015. Ved å nytta data frå både bakke- og flyundersøkjingar, kartla dei øydelegginga frå dei ekstreme luftstraumane som følgde fjellskredet i Yumthang.

Biletet syner øydeleggingane av skogen etter fjellskredet i Yumthang. Foto: NGU

Over 1000 tre fall under skredet. Forskarane berekna den maksimale vindhastigheita til heile 385 kilometer i timen, ein luftstraum så sterk som kraftige tropiske orkanar!

Tronge dalar

Dei farlegaste luftstraumane følgjer fjellskred i svært bratte fjellsider og tronge dalar. Luftstraumen vert sterkare og hardare i smale passasjer enn i dei breie, opne dalane.

- Vi undersøkte kva forhold ein stor skråningskollaps må oppfylle for å utløyse ein kraftig luftstraum. Vi etablerte samstundes ei forståing mellom den moglege energien i eit skred med omfanget av ein «airblast». Eit skred med tusen eller millionar kubikkmeter masse som fell frå stor høgde frigjer enormt med energi, sørgjer for findeling av bergartar og gir ei valdsam forskuving av luft, seier Ivanna Penna.

Vitskapeleg publisert

Ho meiner at steinskred og fjellskred er så farlege at det er naudsynt òg å vurdere det ekstreme lufttrykket:

- Ei vurdering av sannsyn og konsekvensar av «airblast» må verte ein del av farevurderinga ved fjell- og steinskred, når vi finn ustabilitet i svært bratte skråningar.  

Forskinga er no publisert i Geological Society of America Bulletin og samstundes omtala i Nature highlights.

Ref.: Airblasts caused by large slope collapses. Ivanna M. Penna, Reginald L. Hermanns, Pierrick Nicolet, Odd Andre Morken, John Dehls, Vikram Gupta, Michel Jaboyedoff. GSA Bulletin 27. august 2020. https://doi.org/10.1130/B35531.1

NGU-forskarane John Dehls, Reginald Hermanns og Ivanna Penna i Sikkim i India, kor Yumthang-skredet gjekk i 2015. Foto: Vikram Gupta