October 15th 2019

På tokt med FF «Kronprins Haakon»


FF «Kronprins Haakon» sørgjer for at Norge er til stades, overvaker og hentar inn data i både islagte og opne farvatn heile året. Foto: Kjartan Mæstad/Havforskningsinstituttet
NGU-forskar Jochen Knies skal leie ei gruppe på 25 forskarar på eit tre veker langt tokt med verdas mest avanserte forskingsfartøy, FF «Kronprins Haakon».

- Vi skal mellom anna sjå på kordan gass og væsker påverkar eigenskapane til sedimenta. Kva skjer når til dømes metan strøymer opp gjennom sedimentlaga på havbotnen? seier Jochen Knies.

Forskarane skal først segle til Vestnesaryggen vest for Svalbard, for å ta opp til 25 meter lange kjerneprøvar. Her skal dei måle både trykk, gjennomtrengelegheit og saltinnhald i sedimenta, for å sjå på kva som kontrollerer straumen av væsker.

I Framstredet

- Seinare skal vi flytte oss inn i Framstredet for å hente kjerneprøvar som kan lære oss meir om tidlegare mellomistider. Målet er å hente inn heile 400 meter med sedimentkjerne, fortel Knies.

FF «Kronprins Haakon» er 100 meter lang, 21 meter bred, og har isbrytarklasse som gjer at den kan segle gjennom ein meter tjukk is. Med 15 laboratorium som kan huse dei fleste forskingsdisiplinar, er skipet levert med nokre av dei mest omfattande utstyrspakkane som finst.

Skipet er eid av Norsk Polarinstitutt, vert drifta av Havforskningsinstituttet og er mest bruka av UIT Norges arktiske universitet. Fartøyet overvaker miljø- og klimatilstanden i havområda i både Arktis og Antarktis.

I regi av CAGE

Jochen Knies gler seg til å ta fatt på toktet, som omfattar forskarar frå både Noreg, Frankrike og Italia. - Det vert mørkt, kaldt og spanande, seier han.

Begge oppgåvene på toktet blir gjennomført i regi av Senter for arktisk gasshydrat, miljø og klima (CAGE), eit senter for framifrå forsking lokalisert i Tromsø.

Det er mykje utstyr som skal med til Polhavet på det tre veker lange toktet. Foto: CAGE
Det er mykje utstyr som skal med til Polhavet på det tre veker lange toktet. Dette er berre ein liten del. Foto: CAGE

 

Relaterte prosjekter

CAGE
The Centre for Arctic Gas Hydrate, Environment and Climate (CAGE) conducts research on gas hydrates in arctic areas, and how they may affect ocean environments and the future of the global climate.