September 9th 2019

I over 20 år har denne bilen tatt prøver frå heile Noreg, men no er det slutt


Operatør Geir Viken styrer LITO-bilen. LITO betyr stein og er eit passande namn for prosjektet. Foto: Rune Eian.
LITO-prosjektet har sidan 1999 samla inn prøvar for å analysere berggrunnens kjemiske samansetting. Det er interessant når man vurderer kor det bør letast etter mineral, men det er også spanande for forsking og innafor offentleg arealplanlegging.

 

 

– Vi skal lage ein database som synar grunnstoffa i berggrunnen og korleis dei varierer frå område til område. Det kan være nyttig i forhold til både miljø- og mineralforvaltning, forklarar prosjektleiar Trond Slagstad ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

Ved å bore ein prøve som er representativ for eit område innafor eit 9 km x 9 km rutenett har LITO-bilen samla inn prøver frå heile landet. Resultata skal settast saman til ein database og eit geokjemisk kart i målestokk 1:250 000. Databasen kan mellom anna nyttas for å få kunnskap om:

  • Kor det fins mineralressursar som mellom anna trengs i det grøne skiftet
  • Kva er naturlege verdier av til dømes tungmetall
  • Evne til å lede varme, og berggrunnen sine magnetiske eigenskapar
  • Kor man kan rekna med problem med radon, eller ikkje

Database som i Sverige og Finland

Ein kald Geir Viken ved Dalsnibba nær Geiranger i Møre og Romsdal i 2001. 
Her ved Drivdalen i Oppland kommune 2002.

- Om to til tre år, når prøvene er analysert, håper vi å få til ein database som dei har i Sverige og Finland. Når vi kombinerer prøvane vi har tatt i LITO-prosjektet med andre data, kan vi sjå generelle trekk i berggrunnen. Det er interessant når man vurderer kor det bør letast etter mineral, men det er også spanande for forsking og innafor offentleg arealplanlegging, for å nemne noko, seier prosjektleiaren.