100.000 hol i bakken

Noreg er perforert med borehol til vatn og varme. Nyleg vart brønn nummer 100.000 publisert i den lovpålagde nasjonale grunnvassdatabasen GRANADA.
Stor interesse
- Etter at brønnborarane vart digitale, har me sett ei kraftig auke i innrapporteringa, fortel prosjektleiar Marianne Engdal ved Noregs geologiske undersøking (NGU). – Den nye registreringsløysinga «Brønnreg», som òg kan brukast frå mobiltelefonen, gjer det svært enkelt å senda inn naudsynt informasjon til oss.

Engdal påpeikar samstundes at den auka aktiviteten òg har ført til større interesse for NGUs karttenester og for grunnleggjande kunnskap om bergartar, hjå norske borefirma. – Me har framleis eit etterslep i registreringane, men alle piler peikar oppover, seier ho.
Kostnadseffektivt
Brønn nummer 100.000 vart bora i Tufte ved Horten i Vestfold. Brønnen er bora for privat vassforsyning og har ein kapasitet i vassinnslag på 1500 liter per time. Her er det to meter ned til fjellet, og brønnen har ei totaldjupn på 81 meter.
- Den sterke auken i rapporteringa, både i tall og kvalitet, har redusert produksjonskostnadane og ført til auka kostnadseffektivitet, både hjå oss ved NGU og i bransjen, påpeikar forskar Hans de Beer ved NGU.
Han har dei siste par åra leia eit utviklingsarbeid som mellom anna har sett på vinstane som kan hentast ut ved å samla og gjera kunnskap om undergrunnen betre tilgjengeleg for alle.
