May 2nd 2019

Brønnreg, no òg for iPhone


NGUs digitale rapporteringsløysing for brønnboringar er no tilgjengeleg òg som mobilapp for iPhone.
Brønnborarar kan no registrera brønnar med eigen app til iPhone.
Marianne Engdal.

Brønnreg er NGUs nye digitale registreringsløysing for brønnboringar, som sidan lanseringa i fjor har vore tilgjengeleg for Android og nett. No er Brønnreg òg tilgjengeleg i form av ein app til iOS, for rask og enkel registrering av brønnar for iPhone.

- Mange borefirma er no godt i gong med Brønnreg, og me mottek stadig fleire brønnregistreringar digitalt. Med Brønnreg på iPhone ser me fram til at endå fleire borefirma kjem i gong, fortel Marianne Engdal, prosjektleiar for Brønndatabasen.

For å lasta ned Brønnreg til iPhonen din, opnar du App Store og søkjer etter "Brønnreg". 

Besøk grunnvann.no for å koma i gong med digital brønnregistrering.

- Mykje enklare med digital brønnregistrering

NGU har så langt fått gode tilbakemeldingar frå borefirma som har teke i bruk Brønnreg.

- Borefirmaa fortel at brønnregistreringa både går mykje raskare og er heilt klart enklare med Brønnreg, samanlikna med å senda eit papirskjema i posten. Alle borefirma som enno ikkje har teke i bruk Brønnreg oppmodast til å ta kontakt for opplæring og for å koma i gong, seier Engdal.

Relaterte prosjekter