December 7th 2018

Trekløver heidra for Årets publikasjon


Dei tre prisvinnarane Anders Romundset, Fredrik Høgaas og Thomas Lakeman mottek prisen av avdelingsdirektør Øystein Nordgulen. Foto: Filip S. Gundersen
NGU-forskarane Anders Romundset, Thomas Lakeman og Fredrik Høgaas er heidra med pris for Årets publikasjon ved NGU. Dei tre får prisen for ein artikkel om rekonstruksjon av havnivåendringar langs kysten på Sørlandet.

Her er utdrag frå juryen sin grunngjeving:

NGU har dei siste 10-15 åra publisert ei stor mengd artiklar som reflekterer den høge faglege standarden på arbeidet ved NGU. Forsking og utvikling (FoU) er grunnlaget for ny kunnskap og betre kart og databasar til nytte for brukarar innan mange sektorar i samfunnet.

Detaljert rekonstruksjon

Jorda har ei lang historie, og geologi gir oss kunnskap om korleis kloden har utvikla seg gjennom lang tid – gjerne mange hundre millionar år. Arbeidet som får prisen i år dreier seg tida etter siste istid. Prisen går til tre NGU-forskarar - Anders Romundset, Thomas Lakeman og Fredrik Høgaas - og ser på rekonstruksjon av havnivåendringar langs kysten på Sørlandet.

Artikkelen presenterer resultat og tolking frå eit omfattande feltarbeid, som er utført på Sørlandet. Analyse og datering av avsetjingar frå i alt 24 innsjøar og myrer ligg til grunn for en ny og svært detaljert rekonstruksjon av variasjon i strandforskuving frå slutten av siste istid og heilt fram til middelalderen.

Arbeidet dokumenterer strandline-endringar på hundreårs-skala. Det har blitt omtalt som «det mest detaljerte arbeid av sitt slag i Norden, og truleg den mest detaljerte strandforskuvingskurva i verda». Rekonstruksjonen får fram til dels overraskande variasjon både i havnivåendringar langs Norskekysten og i jordskorpas respons på avlasting etter isavsmeltinga.

Arkeologiske funn

Resultata gir ny kunnskap om geologiske av prosessar som har forma kysten i Noreg. Det er også relevant for andre, tidlegare isdekte kystområde i verda. Resultata har mellom anna vakt oppsikt i det norske arkeologiske fagmiljøet og er svært viktige for tidfesting av arkeologiske funn langs sørlandskysten.

Arbeidet er delfinansiert frå Kulturhistorisk Museum i Oslo i samband med eit stort arkeologisk utgravingsprosjekt langs ny trase for E18.

Artikkelen er publisert i et spesialnummer av Quaternary Science Reviews som omhandler fortidas havnivåendringer.

Referanse
Romundset, A., Lakeman, T. and Høgaas, F. 2018: Quantifying variable rates of postglacial relative sea level fall from a cluster of 24 isolation basins in southern Norway. Quaternary Science Reviews 197, 175-192.