February 4th 2008

Vegbygging avslørte skakande skredhistorie

Ei rad dramatiske leirskred har skaka Melhus gjennom historia. Rundt sentrum i bygda er det påvist store groper etter enorme, og ganske sikkert dødelege, kvikkleireskred.
SKREDGROP: Her i Melhus ligg ei av dei største skredgropene i landet (teikna inn med kvit strek). Den er truleg fleire tusen år gamal, og opptil 40 meter djup. Elvesletta til høgre (aust for Gaula) vart på si side oversymja av skredmasse så seint som i middelalderen, viser studiar av dei nye vegskjeringane. (Klikk på biletet for stor versjon)
FRÅ 1200-TALLET: Vegbygginga har gjort det mogleg å sjå inn i skredhistoria og det som går føre seg av indre prosesser med masserørsler i et leirskred. Ein kort tunnel på nye E6 nord for Melhus er fundamentert på ei gamal elveslette av sand og grus som ligger gravlagd under fem til seks meter tjukke skredmassar. (Klikk på biletet for stor versjon)

Bygda Melhus i Sør-Trøndelag er eit av mange område som har vore skaka av ei rekkje dramatiske leirskred opp gjennom historia.

Både sør, vest og nord for sentrum er det påvist svært store groper og tjukke lag av skredmassar etter det som må ha vore enorme, og ganske sikkert dødelege, kvikkleireskred.

No har vegbygging, med djupe skjeringar gjennom slettelandskapet i nedre deler av Gauldalen (E6) og gjennom Buvika (E39), bokstaveleg talt avdekka spora etter dei store, gamle skredene.

 

Trøndersk landskap

Vegutbyggarane opna perfekte geologiske profil gjennom blåleira og avslørte ein tidlegare dalbotn

LEIRSKRED: I disse lagpakkane av leire som har flytt av garde nærast som store flak (tørrskorpeleire) utan å bli omrørt under skredprosessen, er påkjenningane vist i form av foldingar og overskyvingar. Den blaute leirsuppa som alt har sklidd på, er seinare tørka ut og utgjer berre eit tynt lag i botnen av skredmassane. (Klikk på biletet for stor versjon)

med elvesletter av grus og sand som var blitt gravlagd av opptil fem til seks meter tjukk skredleire.

Geologane gjekk laus på materialet før blotningane vart fylt igjen og asfaltdekka lukka historia på nytt.

- Kvikkleireskred har generelt sett spelt ein viktig rolle i utforminga av dei lågareliggande delane av det trønderske landskapet. Langs elver og bekkedalar ligger det tallause gamle skredgroper med munning ut mot vassdraga. Likevel er berre eit fåtal av dei datert, fortel geologane Harald Sveian og Louise Hansen ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

Dei er mellom dei fremste ekspertane på leirskredhistoria i Trøndelag etter siste istid.

Mest skredhistorie

Funna viser at heile den breie dalbotnen frå Melhus, forbi Rødde og nordover mot dei låge slettene ved Øysand, nær utløpet av elva Gaula, kan være eit av leirområda i landet med mest skredhistorie.

Ved Melhus har vegbygginga no gjort det mogleg å datere to av skreda til middelalderen, til 1200- og 1300-tallet.

- Vest for Melhus sentrum, ved Voll, ser vi eit gammalt spor etter eit av landets største skred. Gropa er opptil 40 meter djup og her raste det, truleg for nokre tusen år sidan, ut eit volum som tilsvarer det meir kjende Verdalsraset, fortel Sveian.

Verdalsraset i Nord-Trøndelag i 1893 inneheld 55 millionar kubikkmeter masse og tok med seg 116 menneske i døden.

Spor etter menneske under leira

Ved Tverrforbindelsen like sør for Melhus sentrum, viser dateringar av osp og frø frå plantar, at krattskogen på elveslettene vart gravlagd av skredmassar som kom sigande inn frå ein nordleg eller nordvestleg kant ein gong mellom år 1285 og 1400.

Her har arkeologar frå NTNU i tillegg funne ei branngrav frå 800-talet og andre spor etter menneske. Det er tydeleg at folk hadde hatt tilhald langs elva før skredet kom.

- Dette hende på omtrent same tid som flaumkatastrofen i Gauldalen i 1345. Her døydde om lag 500 menneske etter at eit skred ved Haga, lenger sør i dalen, hadde demt opp elva. Gigantflaumen kan samstundes ha løyst ut fleire etterskred på sin veg nordover, men det er vanskeleg å seie sikkert om det var ein direkte samanheng, fortel geologane.

Gåte i gardsnamn

Men forskarane har også støtt på ei tilsynelatande gåte i Melhus: Det fins ingen gardsnamn som spelar direkte på skredulykker i dette området, slik det gjerne er i andre dalføre. Dette er ofte namn som sluttar på -fall eller -laup.

Det fins heller ingen skriftlege kjelder eller vandrehistorier om konkrete store historiske skred frå Melhus til Øysand i vikingtid eller middelalder.

- Det skriftlege kjeldematerialet er utilstrekkeleg og vi får berre fragment av skredhistoria når vi går fleire hundre år tilbake i tid. Vi trenger fleire dateringar for å kome vidare, fastslår geologane.

Dei strekar under at kartlegging av gamle skred og studiar av skredprosessar både har ei historisk, arkeologisk og geologisk interesse, men også eit praktisk aspekt.

- Ikkje minst i kommunal arealplanlegging er det viktig å forstå kva store leirskred eigentleg er og kva konsekvensar dei kan ha dersom noko liknande skulle gjenta seg, fastslår Harald Sveian og Louise Hansen.

Fakta: Naturen sin dynamitt

  • Kvikkleire fins i ein del område med marin leire, altså tidlegare fjordbotnar som består av saltvassleire. Dei enorme leirmengdene i Trøndelag kjem av at områda ved slutten av siste istid for 11-12.000 år sidan var fjordarmar der partiklar frå breslammet sokk ned på botn og danna tjukke lag av leire.
  • Landhevinga etter siste istid førte til at gamal fjordbotn vart tørt land. Det høgste havnivået frå perioden med issmelting (marin grense) ligg i dag cirka 175 meter over havet i Melhus, noko lågare ut mot kysten og noko høgare i innlandet.
  • Elvane grov seg ned i dei tørrlagde fjordbotnane og danna bratte leirskråningar. Over tid har nytt grunnvatn mange stader erstatta det salte porevatnet som batt leira saman. Dermed vart det danna kvikkleire. Kvikkleire, i kombinasjon med høge skråningar og utgraving ved foten av skråningane, er naturens dynamitt.
  • Det kan ha gått mange år mellom kvart større leirskred i desse områda. Likevel er leirskred i geologisk samanheng å sjå på som ein aktiv, landskapsdannande prosess. I dag blir det sikra langt betre mot slike katastrofar: Kvikkleireområda blir aktivt kartlagt og det kan settast inn tiltak på de rette stadene.