January 14th 2011

Nye geologiske kart klare

Sju berggrunnskart og fire lausmassekart frå NGU er gjort klare til bruk for kommunar, næringsliv og andre interesserte gjennom 2010.

Noreg er allereie dekt med geologiske kart i målestokk 1:250.000. No blir det først og fremst arbeidd med kart i målestokk 1:50.000 og større.

Godt over 300 av 700 kartblad i M 1:50.000 er ferdigstilte. Her er oversikten over nye kart av denne typen i 2010. Alle kart kan tingas på distribusjonen@ngu.no eller på telefon 73 90 41 25

Berggrunnskart 2010

Siedlecka, A. 2010:
Berggrunnskart TANA 2335 IV, M 1:50 000, førebels utgåve.
NGU

Roberts, D. 2010:
Berggrunnskart STIKLESTAD 1722 IV, M 1:50 000, førebels utgåve.
NGU

Gunby, I.J., Heyer, H., Ihlen, P. & Siedlecka, A. 2010:
Berggrunnskart DRAMMEN 1814 III, M 1: 50 000. (trykt)
NGU

Siedlecka, A. & Roberts, D. 2010:
Berggrunnskart IFJORDFJELLET 2235 IV, M 1:50 000, førebels utgåve.
NGU

Siedlecka, A. 2010:
Berggrunnskart SMALFJORD 2235 I, M 1:50 000, førebels utgåve.
NGU

Fareth, E. & Zwan, K.B., 2010:
Berggrunnskart MÅLSELV 1433 II, M 1:50 000, førebels utgåve.
NGU

Ihlen, P. & Lutro, O., 2010:
Berggrunnskart EIDSVOLL 1915 I, M 1:50 000, førebels utgåve.
NGU

Kvartærkart 2010

Sveian, H., Olsen, L. & Bergstrøm, B. 2010:
GRANA – JØRSTADELVA, Snåsa kommune. Kvartærgeologisk kart M 1: 20.000.
NGU

Bergstrøm, B., Olsen, L. & Sveian, H. 2010:
HEDDAL, kvartærgeologisk kart M 1:50.000, Notodden, Hjartdal og Sauherad kommunar.
NGU

Follestad, B. 2010:
LESJA KOMMUNE. Kvartærgeologisk kart M 1:80 000 med beskriving. (Trykt)
NGU

Bergstrøm, B., Olsen, L., Riiber, K. og Reite, A.J. 2010:
ROGALAND FYLKE, lausmassekart M 1:200.000 (Trykt)
NGU