April 7th 2011

Høg risiko for fjellskred fire stader

80 ustabile fjellparti som kan føre til fjellskred med store volum, er identifisert i Møre og Romsdal. Fire fjellparti har høg risiko og vert overvaka. Det syner ei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) som denne veka vart lagt fram i Molde.

Mannen i Møre og RomsdalMANNEN: Over overvaking. Foto: Åknes/Tafjord-prosjektet

Hegguraksla i Møre og RomsdalHEGGURAKSLA: Under overvaking. Foto: Åknes/Tafjord-prosjektetROS-analysa over fjellskred i Møre og Romsdal gir ei samla oversikt etter 15 års arbeid over kvar og korleis risikoen for fjellskred gjer seg gjeldande.

Hovudmålet med arbeidet er å sikre menneskeliv. I nokre kommunar kan samstundes faresonene knytt til fjellskred og flodbølgjer dekkje store areal, noko som også gir føringar for arealbruken.

Ustabile fjellparti

- Kartlegginga har identifisert over 80 ustabile fjellparti som kan føre til fjellskred med store volum, fortel rapporten som fylkesberedskapssjef Ketil Matvik Foldal og fylkesgeolog Einar Anda synte fram på ein pressekonferanse i Molde denne veka.

Åkneset i Møre og RomsdalÅKNESET: Under overvaking. Foto: Åknes/Tafjord-prosjektetFjellpartia er klassifiserte etter risiko, eller ein funksjon av sannsyn og konsekvens. Fire fjellparti har høg risiko: Det gjeld Mannen i Rauma, Åknes i Stranda og øvre og nedre del av Hegguraksla i Norddal. 15 fjellparti har moderat risiko og 36 har låg risiko. 33 fjellparti er førebels ikkje risikoklassifiserte, syner rapporten. Kommunane med flest ustabile fjellparti er Norddal, Rauma, Stranda og Sunndal.

Under overvaking

Den nye ROS-rapporten gir samstundes råd om beredskapstiltak, vidare risikovurderingar og oppfølging gjennom arealplanlegging og utbygging.

Fjellpartia med høg risiko vert allereie handterte og overvaka av det interkommunale selskapet Åknes/Tafjord Beredskap IKS.  For ustabile fjellparti med moderat risiko, er det så langt ikkje etablert rutinar for oppfølging. Rapporten tilrår etablering av eit program for periodiske rørslemålingar.

- Fjellpartia som ikkje er risikoklassifiserte bør følgjast opp gjennom vidare undersøkingar i det nasjonale kartleggingsprogrammet for fjellskred, heiter det i ROS-analysa.

Bredt samarbeid

Den såkalla FylkesROS-fjellskred er eit samarbeidsprosjekt mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Noregs geologiske undersøking (NGU). Prosjektgruppa har hatt følgjande samansetting: Prosjektleiar Halgeir Dahle (frå april 08), fylkesgeolog Einar Anda, Stine Sætre frå Fylkesmannen, samt Aline Saintot, Martina Bøhme, Reginald Hermanns, Thierry Oppikofer , Einar Dalsegg, Jan Steinar Rønning og Marc Henry Derron, alle forskarar og ingeniørar frå NGU.

Tidlegare forskar ved NGU, Lars H. Blikra, var i 1996 med å initiere arbeidet med fjellskred i Noreg. Han er i dag sjefgeolog i Åknes/Tafjord Beredskap IKS.

Fakta om fjellskred

  • 1905 og 1936 tok tre fjellskred i Loen og Tafjorden 174 menneskeliv. Det førte til at Noregs geologiske undersøking (NGU) på slutten av 1930-talet starta registrering og målingar av ustabile fjellparti på Vestlandet. Dette var den første systematiske kartlegginga av skredfare i Noreg. Arbeidet vart avbrote av andre verdskrigen.
  • På 1950- og 60-talet vart det utført forsking på fjellskred frå Norges Geotekniske Institutt (NGI), men ingen systematisk farekartlegging. På 1970- og 80-talet vart det sett i gong nasjonale program for kartlegging av faresoner for leir-, stein- og snøskred, men denne gongen var ikkje fjellskred tema.
  • I 1996 føreslo Møre og Romsdal fylkeskommune for NGU å ta opp risikoen fjellskred. Etter to år med forundersøkingar, starta fylkeskommunen og NGU i 1998 Fjellskedprosjektet i Møre og Romsdal. Frå 2005 vart prosjektet ført vidare som ROS-analyse for fjellskred i Møre og Romsdal, også med Fylkesmannen i Møre og Romsdal som deltakar.