December 27th 2012

Hvor lenge har vi hatt dagens havnivå og hva er det som bestemmer havnivået?

1) Siden NÅR har havnivået ligget på dagens nivå? 2) Hva besemmer havnivået? 3) Har Tyrifjorden, som ble innlandssjø cirka 5 800 f.Kr., hele tiden ligget 62-63 m over havet? Og 4) er det fortsatt saltvann i de dypeste områdene av Holsfjorden?

1. Havnivået har ikkje nådd nokon stillstand i dag, og heller ikkje i tidlegare tider. Havnivået er ikkje statisk, noko heller ingen andre delar av naturen og landskapet ikring oss er.

2. To prosessar er viktigast for havnivået (langs norskekysten):
A) endring i det globale (eustatiske) havnivået, det vil si kor mykje vatn er opplagra på land som is. Under siste istid var 20-25% av jorda sitt vatn bunde i is på land og havnivået var difor globalt omlag 125 m lågare enn i dag.
B) endring i landnivået. Store område av jorda var tynga av km-tjukk innlandsis under siste istid. Nedsmeltinga av isen førte til ei trykkavlasting som reagerer over tid. Dette er årsaken til landhevinga som enda er sterk i delar av Norge.

Det er fleire faktorar enn dei to nemnte (t.d. sterisk volum, deformasjon av geoide, nedpressing av havbotnen etc.) men desse er i all hovudsak uvesentlege for norsk naturhistorie.

Geologar brukar omgrepet "relativt havnivå" for ein spesifikk lokalitet nettopp fordi havnivået er eit forhold (relasjon) mellom to ulike endringar (havvolum og landheving/nedpressing). Det relative havnivået vil variere mykje frå stad til stad (eit "globalt havnivå" finst berre i teorien).

Her er ein god og enkel artikkel om havnivå (på norsk)

3) Tyrifjorden vart på eit tidspunkt avsnørt frå havet, Da låg Tyrifjorden naturleg nok rett over havnivået, og har sakte men sikkert vorte heva (i likheit med landet rundt) opp 62-63 m - den høgda innsjøen ligg på i dag. Om nokre tusen år vil Tyrifjorden passere 100 m o.h., om den da ikkje allereie er fylt av is. Prosessen er gradvis, Tyrifjorden kan ikkje sprette over 60 m opp på eit blunk.

4) Det kan godt vera at det er saltvatn i Holsfjorden. Mange djupe innsjøar i Norge inneheld saltvatn på botnen. Det er stagnert og tyngre enn ferskvatnet som ligg over. Det er enkelt å ta vassprøver frå djupet av innsjøen for å teste dette.