March 4th 2014

NGU på verdas leiande mineralmesse

Statssekretær Eirik Lae Solberg besøker i desse dager verdas leiande mineralmesse i Toronto i Canada. NGU og Direktoratet for Mineralforvalting er sterkt representert på den årlege konferansen til Prospectors and Developers Association of Canada (PDAC).

PDACPÅ PLASS: Avdelingsdirektør Tom Heldal (t.v.), forskar Terfje Bjerkgården og lagleiar Henrik Schiellerup, alle frå NGU, på stand i Toronto. Foto: Iain Henderson

Statssekretær Eirik Lae Solberg er i desse dagar i Canada. Eit av hovudformåla med besøket er å fremme norsk mineralnæring på verdas leiande mineralmesse, den årlege konferansen til Prospectors and Developers Association of Canada (PDAC), i Toronto.

Nordisk samarbeid

- Norsk mineralnæring byr på store moglegheiter, og eg håper fleire vil få auga opp for potensialet. Eg meiner dei nordiske landa har mykje å tene på å samarbeide om profileringa av regionen vår, seier Solberg.

Den norske delegasjonen på mineralmessa er på 40 personar, og inkluderer Noregs geologiske undersøking (NGU), Direktoratet for mineralforvalting og fleire leiande norske selskap innan mineralnæringa.

NGU har i fleire år hatt eit samarbeid med andre nordiske geologiske undersøkingar om ei felles profilering på konferansen. Statssekretæren skal også ha fleire samtalar med kanadiske politikarar i løpet av besøket.

Frihandelsavtale

- Min hovudbodskap til Canada er at vi bør setje oss saman og sjå på om vi kan utvide den gjeldande frihandelsavtalen mellom EFTA og Canada frå 2009 til også å dekkje tenester og investeringar, seier statssekretær Solberg.

Statssekretær Solberg skal også gjeste fleire norske bedrifter i Canada. Han skal delta på eit seminar i regi av den norske ambassaden, INTPOW og Innovasjon Noreg om fornybar energi og moglegheitene for auka samarbeid, spesielt innan vasskraft, mellom Noreg og Canada.