Unike bilete i NGU sitt fotoarkiv
Fotoarkivet er bygd opp gjennom mange år. Dei fleste bileta er tatt av NGU sine eigne geologar, og dei eldste fotografia er frå rundt 1870. Bileta er godt merka og beskrive, så det skal vere lett å søke etter dei, og finne ut kva dei viser.
Her er bilete frå heile Noreg. Dei aller fleste vil finne bilete frå sin eigen heimplass, og fleire historiske geologiske hendingar er dokumenterte.
Et eksempel på et bilde fra fotoarkivet til NGU: En skøitelast, væsentlig stor ur (uer), Andenes, juli 1923. Foto: NGU-Gunnar Holmsen, 1923.
Dei fleste bileta er tatt med eit geologisk utgangspunkt, det får fram heilt andre sider av naturen. Det er også mange bilete her som ikkje har noko med geologi å gjere, men som rett og slett er fine å sjå på.
NGU på Flickr
Fotoarkivet er opent for publikum. Det ligg tilgjengeleg på NGU sine nettsider, og kven som helst kan gå inn og hente bilete her.
Det einaste vi ber om, er at NGU blir godskrive, dersom bileta blir brukt offentleg. Då kan det til dømes stå «Foto: NGU-Gunnar Holmsen, 1906».
Det same gjeld NGU sin konto på den sosiale internettstaden Flickr. Her blir det lagt ut fotoseriar med jamne mellomrom, basert på ulike emne.