December 15th 2014

Første kartlegging av eit bysentrum

Når grunnen er ustabil under Bjørvika i Oslo og Bryggen i Bergen, veks behovet fram for geologiske undersøkingar i byane. No er NGU klar for å gjennomføre si første urbangeologiske kartlegging.

Hydrogeologen Hans de Beer var med på å berge Bryggen i Bergen. Nå skal han lede han NGU sin første urbangeologiske kartlegging i nettopp Bergen sentrum.Hydrogeologen Hans de Beer var med på å berga Bryggen i Bergen. No skal han leia NGU si første urbangeologiske kartlegging i nettopp Bergen sentrum. Foto: Fredrik Seeland, Universitetet i Bergen


     

På kontoret sitt på Lade i Trondheim, har hydrogeolog Hans de Beer fått dei e-postane og telefonane han har venta på. Både Bergen kommune og Riksantikvaren stadfestar at dei er med på å finansiere kartlegginga av «Middelalderbyen» - området rundt Bryggen og Vågen - midt i Bergen sentrum. For NGU blir det eit historisk prosjekt.

- For fyrste gong skal vi forsøka å få ein fullverdig oversikt over grunnforholda midt i ein storby. Vi skal kartlegge massane og grunnvatnet, og vi skal lage ein 3D-modell av undergrunnen. Dette kjem til å bli særs viktig for både bevaring og utbygging av byen, seier de Beer.

Leiaren av Laget for grunnvatn og urbangeologi ved NGU,  har blitt ein av landets fremste ekspertar på det som blir kalla «urbangeologi» -  geologi midt i byen. Han er den media tyr til når dei treng ekspertutsegn om ein murgård som søkk eller bygater som blir skeive.

Berga Bryggen

Geologen frå Nederland er sterkt delaktig i arbeidet med å berga Bryggen i Bergen for nokre år sidan. Då grunnen under vestlands-hovedstaden sitt stolte kulturminne begynte å skjelve  for nokre år sidan, vart det behov for geologisk kompetanse og kartlegging midt i storbyens hjarte.

Gjennom si undersøking av grunnen, fann de Beer ut korfor grunnvasstanden sank dramatisk. Bygging av ein parkeringskjellar på slutten av 70-talet hadde forstyrra vasstanden og ført til at vatnet var drenert bort og spylt rett ut i Vågen. Sidan grunnmassane under Bryggen stort sett er organiske bygningsrester og avfall frå tidligare tider - tekstilar, bein, korn, pollen med meir - rotna dei raskt i fråvære av vatn,  og den ærverdige bryggerekka byrja å søkke.

Løysinga vart å heve dreneringsnivået, bygga demningar for grunnvatnet og laga grøne infiltrasjonsløysingar som regnbed og fordrøyningsbasseng. På den måten har vatnet igjen kome opp på ønska nivå. Hans de Beer, og hans samarbeidspartnarar i ei tverrfagleg prosjektgruppe, ser ut til å ha berga Bryggen i denne omgang.

Bergensavisen 7.12.2014: "Bryggen synker ikke lenger". Les her!

Organisk masse

- Utfordringa under Bryggen i Bergen er den same som i dei andre middelalderbyane i landet. Massar i grunnen har høgt organisk innhald og rotnar raskt. Samtidig har fyllmassane stor historisk og arkeologisk verdi, og er freda etter kulturminnelova, seier de Beer.

Omtrent slik kan grunnen under Bryggen i Bergen sjå ut. Laga er bygd opp av restar frå brannar, næringsverksemd og annan aktivitet i byen.Omtrent slik kan grunnen under Bryggen i Bergen sjå ut. Laga er bygd opp av restar frå brannar, næringsverksemd og annan aktivitet i byen.

Han viser mellom anna til Oslo Sentralstasjon, som er etablert oppå fleire meter med sagflis frå gamle bruk ved Akerselva. No ser han for seg at det blir ynskeleg med urbangeologisk kartlegging i alle dei store middelalderbyane i Noreg. 

- Kvifor kjem geologanes fokus på grunnforholda i byane fyrst no?

- Det er vanskeleg å seie. Det har nok vore meir naturlig, ikkje minst i Noreg, å drive geologisk undersøking ute i den frie naturen. Fyllmassar har ikkje vorte rekna som ordentlig geologi. Men det er i byane at folk bur og lever, og difor må vi byrja no med å kartlegge grunnen ordentleg og få ein systematisk oversikt, seier han.

Avgjerande kunnskap

Det var kanskje ikkje tilfeldig at Hans de Beer var den som skulle reisa temaet grunnvatn og urbangeologi ved NGU. Då han kom til Noreg midt på 2000-tallet, hadde han allereie lang erfaring frå liknande problem i heimlandet. I Nederland er "kampen mot grunnvatnet" ein del av kvardagen, vatnet står heilt opp til ein halv meter under jordoverflata og drenering av grunnvatnet under vegane er vanleg for å unngå fuktproblem i husa og flaumsituasjonar.

- Kunnskap om grunnvatn og undergrunn er avgjerande. Grunnvatnet kan ikkje vere for høgt, slik at det kjem inn i husa. Men samtidig må det ikkje forsvinne eller søkke for djupt, då kan det medføre setningar fordi ein del av berekrafta i grunnen forsvinn eller fordi dei organiske grunnmassane rotnar opp, seier Hans de Beer. 

- Dette har det vore for lite fokus på når byane har blitt utvikla. Vegar og kloakksystem har blitt etablert, med grøfter som blir eigne dreneringssystem for grunnvatnet, og tar det med seg ut i havet. Pumper har blitt plassert i kjellarane heilt ukritisk. Vår nye kartlegging i Bergen, kan gje eit detaljert grunnlag for kor ein kan pumpe og ikkje, og kor og korleis det er smart å bygge og ikkje. Dette for å unngå setningsskadar eller tap av verdifulle kulturlag.

Internasjonalt samarbeid

Urbangeologi står no høgt på dagsorden i fleire land i verda, og NGU er med i eit internasjonalt samarbeid.

- Vi utvekslar erfaringar og data med fleire andre geologiske undersøkingar. Nederland og Tyskland har kome særs langt, og i Finland er det bygd en tredimensjonal masterplan for Helsingfors. Her i Noreg bygger vi opp stadig breiare databasar over grunn- og grunnvassforholda. Oversikt over byens undergrunn og grunnvatnet er uhyre viktig. Med god kunnskap, er det lettare å ta gode avgjerder for byens framtid, seier de Beer.