January 21st 2015

Sanddyner på store djup


Slik ser sanddynene ut på botnen av Barentshavet. Det er særs uvanleg å sjå slike på så store djup. Sanddyna bak til venstre er ca. 1 m høg. Mindre sandrifler dekker sanddynene og havbotnen mellom sanddynene.
På kartleggingstokt i Barentshavet, oppdaga geologane sanddyner heilt ned til 800 meters djup på kontinentalskråninga. Funnet sette i gang ei forsking som viser større variasjonar i straumforholda enn ein tidlegare var klar over.

Sanddyner på havbotnen blir bygd opp av havstraumane, som flytter sanden i straumretninga. Dynene - med sine bylgjer og rifler - blir ein målestokk på bevegelsane på havdjupet. 

Å sjå slike sanddyner så djupt som her, i skråninga på kontinentalsokkelen, er særs uvanleg og har ikkje vore gjort før. Dynene er opptil seks meter høge, og fleire hundre meter lange.

Det som og framsto som spesielt for forskarane, var retningane sanden såg ut til å flytte seg på havbotnen. Den stemte ikkje med bevegelsesmønsteret til kjente havstraumar. 

Alt dette ga forskarane og geologane ved NGU idéar til et nytt forskingsprosjekt, i samarbeid med oseanografar frå Havforskningsinstituttet.

Funna av sanddynene blei gjort på opp til 800 meters djup. Kartet viser kor dynene låg, markert med raud farge.
Funna av sanddynene blei gjort på opp til 800 meters djup. Kartet viser kor dynene låg, markert med raud farge.

Sterke straumar

- Vi har no observert dynene på botnen av Barentshavet over nokre år, og vi ser at dei flytter seg meir enn vi trudde. Med andre ord: Straumane er veldig sterke her, oppi ein meter i sekundet, seier Reidulv Bøe (biletet), som er leiar for Laget for Maringeologi ved NGU.

- På dynene oppdaga vi og små sandrifler, som låg på tvers av den ordinære straumretninga. Det må bety at straumen ofte skiftar retning og at sedimenta på havbotnen blir transportert ulike vegar, fortel Bøe.

Han har leia prosjektet, som i tillegg til NGU, har involvert Havforskingsinstituttet, Norwegian Deepwater Programme, Universitetet i Tromsø og den kanadiske geologiske undersøkinga. 

Forskinga har blitt gjennomført over seks tokt med Havforskingsinstituttet sine skip «G.O. Sars» og «Johan Hjort», og UiTs fartøy «Helmer Hansen». No er resultata publisert i tidsskrifta «Marine Geology» og «Marine and Petroleum Geology».

- Eit av dei viktigaste resultata frå prosjektet har vore å knytte to fagfelt - geologi og oseanografi - nært saman. Ved hjelp av oseanografane sine straummålingar og modellresultat, og geologane sine observasjonar, har vi no ei god forklaring på kvifor sandbylgjene flyttar seg slik vi ser på kontinentalskråninga. Vi oppdaga blant anna at daglege variasjonar i tidevatnet er i stand til å snu botnstraumane i nær sagt alle retningar, heilt ned til 800-1000 m djup, fortel prosjektleiaren. 

- Summen av alle straumkomponentane gjer at sanden samlar seg langs grensa mellom Atlanterhavsstraumen, som går mot nord, og dei djupare havstraumane. Vi oppdaga at djupna på denne grensa viser daglige variasjonar mellom 500 m og 800 m, med andre ord akkurat på det djupet ein finner sanddyner.

Interessant for industrien

For olje- og gassindustrien kan dei nye resultata vere interessante på mange måtar. Norwegian Deepwater Programme, med fleire oljeselskap som deltakarar, har difor vore ein av finansieringspartnarane til prosjektet.

- Kunnskap om geologien, straumforholda, og korleis sedimenta har lagt seg på slike djup, kan vere viktige for seinare industriell verksemd, seier Bøe.

- Resultata kan overførast til forhold enda lengre ned i botnen. Dei same mekanismane kan ha skjedd her, i forbindelse med tidlegare mellomistider. Det kan bety at det finst gassreservoar lengre nede i havbotnen. Disse kan enten være ein ressurs, eller skape problem ved boreoperasjonar under havbotnen.
Kunnskapen vi samlar inn er også viktig for å kartlegge grunnforholda på havbotnen ved etablering av røyrleidningar og andre havbunnsinstallasjonar, og for studium av miljøforhold, seier Bøe.

Biologi og geologi

Resultata som er henta inn frå botnen av Barentshavet, har stor vitskapleg verdi for geologar og oseanografar, men også for biologisk forsking og kartlegging, for eksempel i kartleggingsprogrammet MAREANO.

- Dette er så store djup at vasstemperaturen kan vere i minusgrader. Det betyr at det kan vere habitat for veldig spesielle artar, seier Bøe. 

Sandbølgene på botn av Barentshavet vandrar i fleire retningar. På denne illustrasjonen indikerer raude punkt nordvestlig straum, mens blåe punkt viser søraustlige straumar.
Sandbølgene på botn av Barentshavet vandrar i fleire retningar. På denne illustrasjonen indikerer raude punkt nordvestlig straum, mens blåe punkt viser søraustlige straumar.