January 21st 2015

Geologi i 3D - eit kart for framtida


Iain Henderson ved PC-en kor han legg inn data og lagar nye 3D-modellar for framtidas geologiske berggrunnskart.
Tenk deg at du er ute i naturen, og byrjar å diskutere geologi med turkameraten. De tar opp mobilen og finn eit kart som fortel kor de står, og de får opp eit tredimensjonalt bilete av geologien akkurat der. Det er dette som er framtidsvisjonen til Iain Henderson.

NGU-geologen er i full gang med å laga tredimensjonale og digitale berggrunnskart over heile Noreg. Dei skal visa geologien i naturleg høgde og djup, både over og under bakken. Karta skal også gje ei forståing av foldingar og forkastingar og korleis geologien har utvikla seg gjennom historia.

Planen er at alt kan lastas inn på PC, nettbrett og mobiltelefon, akkurat der du er.

Nyttig reiskap

-  Dette blir ein nyttig reiskap både for turgåaren og geologen. Med eit tastetrykk eller to, vil geologien opna seg på den digitale eininga di, seier Henderson.

Ei folding under jorda i 3D-modell. Øverst til venstre, er den ikkje veldig forståelig. Men etterhvert trer ho fram i nye vinklar.
Ei folding under jorda i 3D-modell. Øverst til venstre, er den ikkje
veldig forståelig. Men etterhvert trer ho fram i nye vinklar.

- I dag leverer NGU berre todimensjonale berggrunnskart. Men naturen er jo tredimensjonal! 3D-kart vil difor gje eit meir forståeleg og realistisk inntrykk av terrenget, legg han til.

På skjermen framfor seg viser han fram eit bilete av ei folding under jorda. I utgangspunktet er det vanskeleg å forstå for ein lekmann. Men når Henderson vrir på biletet med datamusa, og får fram 3D-effekten, kjem det plutselig klart fram korleis foldinga ser ut og har oppstått. 

- 3D-verktøyet gjer det langt enklare å tolka strukturane under jorda. Berre sjå korleis geologien hoppar ut av kartet! seier Henderson entusiastisk.

Inspirert av britane

Det var etter eit besøk hos den britiske geologiske undersøkinga at NGU vart gjort oppmerksam på mogelegheitene med tredimensjonale kart. I Storbritannia er geologiske kart i 3D allereie ei godt etablert teneste.

- I løpet av tre år, skal vi forsøke å gjere om dei karta vi allereie har til 3D-modellar. Heile Noreg er kartlagt i målestokken 1:250 000 og store delar fins i 1:50 000. Det betyr at vi har mykje kunnskap på plass, som kan gjerast om til geologiske 3D-modellar, seier Henderson.

Geologiske profilar frå seismikk, geofysiske målingar og geologisk feltarbeid blir lagt inn i dataverktøyet.
Geologiske profilar frå seismikk, geofysiske målingar og
geologisk feltarbeid blir lagt inn i dataverktøyet.

Mange data

Han stør seg på både geofysiske data, seismiske profil og geologars kartlegging i felt, når han skal laga dei nye 3D-karta. Som underlag brukar han ein såkalt «DEM» - Digital Elevation Model - som viser terrenget på tredimensjonalt vis.

Dei siste månadane har prosjektgruppa lagt inn profilar og kartdata i dataprogrammet «3D move». No byrjar arbeidet med å ferdigstilla dei digitale modellane og finna ein god måte å presentere karta på internett.

- Målet er klart: Ein landsdekkande berggrunnsgeologi i full 3D, seier NGU-geolog Iain Henderson.