June 9th 2016

Nye skattekart frå Søre Sunnmøre


Fem kommunar på Søre Sunnmøre har no heildekkande og høgoppløyselege kart over kva havbotnen er laga av.
RUNDE: No føreligg svært detaljerte kart frå havbotnen i fem kommunar på Søre Sunnmøre. Dei nye skattekarta rundt fugleøya Runde kan styrke dei marine og maritime næringane i kystsona.
Her er noko av Rundeskatten stilt ut på Runde Miljøsenter.
Fleire titals tusen dukatar vart henta opp frå botnen under
dykking og utgraving i 1972.

Rundeskatten er den verdifulle lasten som det nederlandske seglskipet Akerendam frakta på sin jomfrutur i 1725, då det under ein kraftig vinterstorm forliste nordaust for Runde. Skatten vart funne av dykkarar i 1972. No skal nye kart peike ut heilt andre skattar langs kysten:

- Vi har slått på lyset på havbotnen i 800 kvadratkilometer, seier prosjektleiar og forskar Sigrid Elvenes ved Noregs geologiske undersøking (NGU).  Detaljerte botnforhold trer fram på dei nye karta; moreneryggar, skipsvrak, skredavsetningar, gjørme og stein, bratte bakkar og blankskura berg.

Frå tru til kunne

- No får vi ein heilt ny kvardag i arbeidet med kystsona. Vi har gått frå å tru korleis det ser ut på botnen, til å vite det. Satsinga på dette prosjektet gjer oss det mangedobla igjen, meiner utviklingssjef Jarl Martin Møller i Herøy kommune.

Ved hjelp av video, ekkolodd, prøvetaking og detaljerte djupnedata frå Kartverket, er det teikna heildekkande og høgoppløyselege kart over kva botnen er laga av - kart som no kan nyttast i kommuneplanlegging. Den såkalla marine grunnkart-pakken omfattar djupne-, sediment- og temakart, over mellom anna ankringsforhold, skråningar, gravbarheit og botnfelling.

Fleire frå NGU deltok på sluttseminaret for dei marine grunnkarta på Runde nyleg. Frå venstre John Anders Dahl, Oddvar Longva, Sigrid Elvenes, Reidulv Bøe, Dag Ottesen og Aave Lepland.

- Som eit eksempel; når ein får desse karta digitalt på brua til fiskebåtane, veit ein kor lina kan leggjast for å få både brosme og torsk, seier forskar Oddvar Longva, som har vore NGU sin initiativtakar i prosjektet. 

- Eller for anna sjømatproduksjon, no vert det lettara å finne rett plassering for mellom anna oppdrettsanlegg. Samstundes kan ein finne dei beste ankringsstadene, og dei beste traseane for rør og leidningar i fjordane, seier han.

- Nasjonal dugnad

Direktør Evert Flier i sjødivisjonen i Kartverket roser prosjektet og seier det er blitt fantastisk bra gjennomført. - Dei har fått det til på Søre Sunnmøre, seier Flier, som ønskjer ein nasjonal dugnad for marine grunnkart i Noreg.

Også Kystverket stiller seg bak arbeidet med å satse på marine grunnkart over heile landet.

På eit sluttseminar for dei marine grunnkarta på Runde Miljøsenter nyleg var også Forsvarets graderingsregime for djupnedata eit tema. Det er usemje mellom Forsvaret på den eine sida og det sivile samfunnet på den andre om detaljeringsgraden for frigjevne data.

Godt samarbeid

Forskingsfartøyet Seisma til kai på Runde. Det har vore
svært sentralt i innhenting av data til dei marine grunnkarta
som no er klare.

Både seniorrådgjevar Gunnstein Bakke i Fiskeridirektoratet og Evert Flier i Kartverket meiner at dei strenge reglane avgrensar eit best mogleg resultat av kartlegginga. I prosjektet på Søre Sunnmøte fekk forskarane frigjeve høgoppløyselege djupnedata frå Forsvaret. No er det i gang arbeid i fire kommunar i Sogn og Fjordane. Her har Forsvaret førebels sagt nei.

Arbeidet på Søre Sunnmøre har skjedd i eit omfattande samarbeid mellom Kartverket, NGU, kommunane Herøy, Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og fylkeskommunen.

Ein viktig pådrivar i arbeidet har vore Nils Roar Hareide, som driv Runde Miljøsenter.