Tidsskalaen

Den geologiske tidsskalaen er eit rammeverk for å plassera Jordas lange og komplekse geologiske historie inn i eitt og same system.

Geologar, paleontologar og andre geovitarar tolkar og kombinerer informasjonen som finnast i mineral og bergartar til å studera Jordas historie. Til dette treng me ein spesiell tidsalmanakk, den geologiske tidsskalaen. Tidskalaen, som er regulert av den internasjonale kommisjonen for stratigrafi, relaterer stratigrafi til geologiske tidsperiodar, som er organisert i samsvar med nomenklatur, alder og standard fargekodar. Tidsskalaen er hierarkisk, samansett av (frå minste til største einingane) aldrar, epokar, periodar, era og eons, der kvar periode kan romma fleire titals millionar av år.

Geovitarar brukar fleire metodar til inndeling av tidsskalaen:

  • Relativ kronologi (stratigrafi) vert brukt til å fastsetja den relative rekkjefylgja av geologiske hendingar. Metoden er basert på prinsippet at yngre einingar avsetjast på toppen av eldre einingar.
  • Fossil (plantar og dyr) kan brukast til å korrelera mellom geografisk åtskilde område, når dei definerer store endringar i dominans av spesielle livsformer.
  • Geokronologi omfattar bruken av absolutte (radiometriske) fastsetjingar av alder, som er basert på radioaktiv nedbryting av element som finnast i vanlege bergartsdanna mineral, i tillegg til paleomagnetisme, som gjev informasjon om retning og intensitet av Jordas magnetfelt.

Dei ulike inndelingane i tidsskalaen heng saman med store og viktige hendingar i Jordas historie. Til dømes er fanerozoikum (541 ± 1 millionar år sidan til notid) den geologiske eon der dyrelivet har vore utbreidd, medan starten og slutten av perioden Trias (252.2 ± 0.5 til 201.3 ± 0.2 millionar år) er definert gjennom ei global masseutrydjing av biosfæren.

Tidsgrensene i tidsskalaen må ikkje verta sett på som definerte og statiske, dei endrast i tråd med ny kunnskap og nye og forbetra dateringsteknikkar.

Tabellen er teikna av K.M Cohen, S. Finney & P.L. Gibbard (c) International Commission on Stratigraphy, januar 2015 Referanse: Cohen, K.M., Finney, S.C., Gibbard, P.L. & Fan, J.-X. (2013; updated) The ICS International Chronostratigraphic Chart. Episodes 36: 199-20