Stratigrafi

Stratigrafi er såleis nøkkelen til å forstå oppbyggjinga av berggrunnen i tid og rom.
Fagområdet kan delast inn i fleire disiplinar:
Litostratigrafi er ein klassifikasjon av bergartseiningar på grunnlag av deira fysiske og mineralogiske eigenskapar og relasjon til andre, kringliggjande bergartar. Ei litostratigrafisk eining utgjer ein kropp av sedimentære, vulkanske eller tilsvarande metamorfe lag som er definert på grunnlag av lagets samansetjing og plassering i ei lagfylgje. Det grunnleggjande prinsippet er at yngre lag er avsett på eldre.
Biostratigrafi brukast for å dela inn lag eller lagrekkjer i einingar (biosoner) basert på innhaldet av eitt eller fleire fossil som er karakteristiske for sona. Inndelinga kan difor berre brukast der det er mogleg å identifisera slike fossil. Metoden byggjer på at fossila som finnast gjennom ei lagrekkje vil spegla korleis evolusjonen gjennom tid har ført til endringar i organisk liv.
Kronostratigrafi omhandlar inndeling av bergartar på grunnlag av danningsalder. Målet med dette er å ha eit felles, internasjonalt system for å inndela bergartar i samsvar med ein fastsett geologisk tidsskala på engelsk (geokronologiske einingar). International Commission on Stratigraphy har også tidsskalaen på norsk og andre språk.
Magnetostratigrafi byggjer på at bergartar og sediment kan ha ein målbar variasjon i remanente (nedarva) magnetiske eigenskapar. Endringar i jordas polaritet under avleiring av sediment brukast som eit viktig verktøy som saman med andre stratigrafiske metodar brukast for å fastsetja alderen på ei avsetjing.