Regionalgeologi

Ved å sjå på korleis dei store trekka i den geologiske historia har sett spor etter seg i dei ulike delane av landet, kan me skildra Noregs berggrunn. Ei slik forenkla framstilling byggjer på meir detaljerte undersøkingar, som NGU og andre har utført gjennom meir enn 150 år.
Forenkla berggrunnskart. Klikk for stor versjon.

Den prekambriske berggrunnen i Noreg høyrer til det som kallast det fennoskandiske skjoldet. Berggrunnen kan på regional skala delast inn i område som har ei felles historie med vulkanisme, deformasjon og danninga av store fjellkjeder som etter kvart vart slitne ned gjennom erosjon og sedimentasjon.

Dei eldste bergartane finnast i nordaust der store område i Nord-Finland og på Kola er samansett av arkeiske gneisar (eldre enn 2500 millionar år). Saman med desse finnast paleoproteroziske bergartar (2500 -1950 millionar år), som er samansett av tjukke vulkanske og sedimentære lagrekkjer avsett i riftsoner i det arkeiske underlaget. 

Mot sørvest finn me område der danninga av jordskorpa skjedde i perioden mellom 1950 og 1750 millionar år sidan. Deformasjon og omdanning førte til danninga av den Svekofenniske fjellkjeden, som strekkjer seg gjennom dei sentrale delane av Sverige og Finland.

Det Svekofenniske området er avgrensa i vest av det Transskandinaviske intrusivbeltet. Dette området er for det meste samansett av granittiske djupbergartar, som strekkjer seg langs ein 1500 km lang sone frå sørlege Sverige til Lofoten.

I Sør-Noreg og vestlege Sør-Sverige er berggrunnen danna gjennom ein lang periode frå ca. 1750 til 900 millionar år sidan. Her har me eit rikhaldig utval av ulike bergartar, som har spor etter to viktige fjellkjededanningar: Den gotiske fjellkjeden (1700-1500 millionar) og den svekonorvegiske fjellkjeden (ca. 1130-900 millionar år).

Den kaledonske fjellkjeden vart danna for ca. 400 millionar år sidan. Enorme bergartsflak vart då skuva frå nordvest mot søraust og ligg no som eit teppe over dei eldre bergartane langs den vestlege delen av Skandinavia.

Yngre vulkanske og sedimentære avsetjingar, gjennomsett av djupbergartar, finnast i Osloområdet. Desse vart danna langs ein permisk riftstruktur i grunnfjellet på Austlandet.