Petrologi

Petrologi tyder læra om bergartars opphav og samansetjing, med særleg vekt på dei fysiske, kjemiske og eventuelle biologiske prosessar/faktorar som har hatt verknad på korleis bergarten står fram.

Magmatisk petrologi omfattar studiet av bergartar (djup- og dagbergartar) danna ved størkning av eit magma. Sidan jorda vart danna for 4,56 milliardar år sidan har magmatisk aktivitet gått føre seg i ulike tektoniske miljø. Tilhøva under oppsmelting og utvikling av magma gjennom differensiasjon har gjeve opphav til eit breitt spektrum av bergartar. Ved å studera mineralogi, geokjemi, isotopsamansetjing og fasetilhøve kan me rekonstruera bergartanes danning, og såleis kunna seia kva slags tektonisk miljø den vart danna i. 

Sedimentær petrologi omfattar skildring og klassifikasjon av sedimentære avleiringar/bergartar. Dette er grunnlaget for å tolka prosessar som transport og avleiring, og kva slags miljø sedimenta vart danna i.  Det er òg viktig å skildra alle slags former for omdanning (sementering, kompaksjon, mineralogisk og kjemisk forvandling).

Det finnast to hovudretningar innanfor sedimentær petrologi. Den eine omhandlar klastiske bergartar som for det meste er samansett av erosjonsprodukt i form av leire/slam, sand, grus og grovare materiale. Den andre dreiar seg om karbonatbergartar (kalkstein og dolomitt) som er samansett av kalsiumkarbonat og kalsium-magnesiumkarbonat. I mange tilfelle er opphavet til desse avsetjingane skalrestar frå ulike livsformer som levde i havet eller på botnen. Karbonat kan òg dannast ved inndamping av saltvatn i tørre og nedbørfattige strøk.

Metamorfe bergartar er danna ved at ein bergart gjennomgår varierande grad av rekrystallisering på grunn av endringar i trykk- og temperaturtilhøve og samansetjinga av fluide fasar i jordskorpa. Slike endringar gjev opphav til reaksjonar mellom opphavlege mineral, og danning av nye mineral gjev kunnskap om tilhøva under metamorfosen. Ved å kombinera slike data med datering av ulike mineral, kan me få viktig kunnskap om bergartens rolle ved danninga av ein fjellkjede.

Relaterte prosjekter

MINN
Mineralressurser i Nord-Norge (MINN) er et regjeringsinitiert program for å kartlegge mulighetene for å finne gull og andre mineraler i nord.