Noregs geologi
Me er kanskje vande med å sjå på landskapet rundt oss noko som alltid har vore der. Når verda plasserast i eit geologisk tidsperspektiv, ser me enorme endringar. Då vert det vene, norske fjordlandskapet berre som ei døgnflue å rekna.
Noreg vart til
NGUs geologar kartlegg landet vårt og forvaltar kunnskapen om korleis Noreg vart til. Dei forskar på vekselverknadane mellom indre, oppbyggjande krefter og ytre, nedrivande krefter.
Jordskorpa er eit tynt, hardt skal som flyt over jordas mantel på mange plater. I sprekkene oppstår det jordskjelv og vulkanar der magma, eller smeltemasse, strøymer opp, og dannar nye fjell og formasjonar. Jordskorpeplatene kan òg kollidera, falda seg saman og reisa seg til høge fjell.

Alt rivast ned
På utsida tek klimaet hand om nedbrytinga. Vind, vatn og is eroderer og bryt ned både fjell og land, og transporterer materialet ut i havet.
Alt som byggjast opp vert rive ned igjen. Dagens norske fjell er restar av gamle fjellkjeder, som har vorte erodert ned til havnivået og seinare heva.