Naturleg variasjon

Det geologiske mangfaldet er kjelde til variasjon i biologisk mangfald, natur- og kulturlandskap.
Spesiell vekst av lav på larvikitt i ytre del av Oslofjorden.

Både berggrunn og lausmassar viser stor variasjon i samansetjing. Denne variasjonen er ein viktig medverknad til det mangfaldet me ser i økosystem og biologisk mangfald. Bergartar gjev frå seg ulike næringsstoff til jordsmonnet avhengig av samansetjing og løyselegheit. Kalkrike bergartar gjev opphav til ein frodig vegetasjon og artsmangfald, medan kvartsrike bergartar gjev skrinnare tilhøve og artsfattigare jordsmonn. Magnesiumrike bergartar gjev ein annan flora enn fosfatrike. Tungmetall i berget kan gje unik og tilpassa flora.

Lausmassane skapar variasjon, frå sorterte og porøse isranddelta og elveavsetjingar, til tettare morene og leirjord. Landformene er òg prega av den geologiske samansetjinga. Harde og skrinne bergartar gjev nakne og bratte fjell, medan dei mjukare og mindre motstandsdyktige bergartane gjev dalføre og mjukare landformer.

Geologiske variasjonar kan òg koma som eit resultat av ein interaksjon mellom menneske og geologi, til dømes ved utnytting av geologiske ressursar.

Variasjonane i geologi gjev oss unike geotopar. Dette er avgrensa område som er representative for eit spesielt geologisk fenomen eller ein kombinasjon av geologiske fenomen. Alle område på jorda er ein del av ein eller fleire geotopar.

NGU ser på ei rekkje geologiske parameter som kjelde til variasjon i naturen. Slike data kan gje oss eit betre grunnlag for å definera naturtypar og føresjå variasjonar i biologisk mangfald. Ei viktig oppgåve er å definera geotopar som er særleg sårbare, i tillegg til ei inndeling av Noreg i typar av geotopar som reflekterer variasjonen.

Mølen ved Larvik er et eksempel på en av de store moreneavsetningene fra siste istid. I strandkanten finner vi unike rullesteinstrender.
Mølen ved Larvik er eit døme på ein av dei store moreneavsetjingane frå siste istid. I strandkanten finn me unike rullesteinstrender. 
Plastiske landformer i berget er typisk for områder der isen har beveget seg hurtig. Fra ytre Oslofjord.
Plastiske landformer i berget er typisk for område der isen har flytta seg snøgt. Frå ytre Oslofjord.