Maringeologi

Maringeologi skal gjennom kartleggjing og studiar i norske kyst- og havområde medverka til den overordna nasjonale målsetjinga om eit reint og rikt hav, og medverka til å sikra at marine og geologiske ressursar forvaltast på ein god og forsvarleg måte.

Maringeologi har som målsetjing at all geologisk kunnskap om havbotnen skal vera tilgjengeleg gjennom vår maringeologiske database. Ein stor del av arbeidet i Maringeologi går føre seg i samarbeid med forskarar og institusjonar nasjonalt og internasjonalt, med finansiering eller delfinansiering frå forskingsråd, industri, EU og andre kjelder. MAREANO-programmet mottek ei øyremerkt løyving til kartleggjing i Norskehavet og Barentshavet.