Landformer og lausmassar

Utbreiinga av lausmassar og landformer er nært knytt til glasialhistoria i kvartær tid (siste ca. 2.6 millionar år) og spesielt til vår siste istid, weichsel (ca. 117 000 – 11 700 år sidan). Isbreanes erosjon under siste og tidlegare istider har grave ut dalar, forma unike landskapselement og avsett enorme mengder materiale. Desse spora og avsetjingane tolkar me for å danna eit bilete av vår yngste geologiske historie og for å forstå prosessane som har medverka til landskapsutviklinga.

Kunnskap om og oversikt over landets lausmassar er òg viktig sett frå eit samfunnsmesseg perspektiv. Ei grundig kartleggjing gjev til dømes ei oversikt over kva typar råmateriale og naturresursar me har tilgjengeleg, i tillegg til vurdering av tema som byggjegrunn, avfallslagring, ressursbehov, anleggsverksemd, potensielle naturfarar, grunnvatnsførekomstar m.m.
Isbreane eroderte, forma og avsette
Lausmassane kartleggjast etter kva prosess som har vore dominerende under danninga. I Noreg er dei fleste jordartane direkte eller indirekte knytte til innlandsisens framferd, til dømes i form av morene- eller breelvmateriale, eller i form av sediment som vart spylt ut frå breane og heilt ut i havet. Avsetjingar som er meir uavhengig av glasiasjonane, er til dømes blokkhav, skredmassar og elve- og strandavsetjingar. Også desse er ofte indirekte påverka av kva som vart lagt igjen gjennom istidene.

Landformer og terrengelement
Storleik, danningstid og -måte på landformer varierer enormt. Dei kan vera danna reint episodisk, som til dømes ved skredhendingar eller isskuring, eller kumulativt over fleire istider og mellomistider, som fjordar, dalar og alpine landskap. Terrengformene kan vera danna ved erosjon og modifisering av berggrunn eller sediment i det opphavlege landskapet, eller ved avsetjing av lausmasseformer.
Landformer dannast av ei rekkje geologiske prosessar. Innlandsisen står bak mange av dei, som langstrekte drumlinar av morenemateriale avsett under isen. Oftare kan likevel terrengformer koplast til breelvene som har avsett og erodert i materiale under, ved sida av og framføre breane, som til dømes eskarar og spylerenner. Der breelvene møter vatn, anten innsjøar eller havet, dannast det store delta eller subakvatiske vifteavsetjingar.

Marine prosessar har vaska, sortert og omdistribuert materiale heilt sidan iskanten trekte seg tilbake mot innlandet. Dette har danna ei rekkje landformer i terrenget i samband med hevinga av landet, mellom anna vollar av strandmateriale som har vorte kasta langt opp på land av kraftige stormbølgjer. Landhevinga har òg blottlagt tidlegare fjordbotn, kor skredprosessar har danna skår i terrenget i form av leirskred. Det finnast òg mange andre prosessar som dannar terrengformer. Mangfaldet av geologiske prosessar, og interaksjonen mellom desse, er reflektert i eit endå større mangfald av landformer, noko som medverkar inn i vår forståing av det geologiske puslespelet.