Kyst og fjord

Vanlege sjøkart gjev avgrensa informasjon om djupntilhøve, og i realiteten ingen informasjon om undersjøiske landskap, sediment, straum og andre miljøtilhøve. For å optimalisera verdiskapinga, på ein bærekraftig måte, treng me meir kunnskap. Eit godt kunnskapsgrunnlag vil leggja til rette for færre konfliktar innanfor arealutnyttinga.
NGU har i fleire prosjekt levert detaljerte marine kart frå område på kysten. Dei mest detaljerte karta så langt er utarbeidt i Fosnes kommune i Nord-Trøndelag, i Sør-Troms og i Oslofjorden. Karta er til stor hjelp i kommunanes forvalting av sine marine område.
Eitt døme er at detaljerte kart over ankringstilhøve, gravbarheit og oksygenfattige område kan hentast rett inn i kommuneplanleggjaranes dataverktøy. Slik kan ein plassera oppdrettsanlegg både med tanke på optimal fiskehelse, høg produktivitet og sikker oppankring.

