Kontinentalsokkel og skråning

Havdjupet på kontinentalsokkelen varierer stort sett mellom 100 m og 400 m. Sokkelen kan verta sett som ei gigantisk fylling utanfor kysten, bygt opp av sediment transportert ut frå land. Mesteparten av utbyggjinga har isbrear stått for. Under istidene dumpa enorme mengder sediment på sokkelen og utanfor sokkelkanten. Slik vart sokkelkanten enkelte stadar flytta opptil 200 kilometer ut frå land.
Dei beste fiskeområda på sokkelen finn me ofte i samband med geologiske landformer. Grunne bankar mellom utlaupa til dei store fjordane er eit døme. Fjordane held ofte fram utover kontinentalsokkelen som marine dalar gravd ut av hurtigstrøymande is under istidene, men mellom desse finn me dei fiskerike bankane.
Eit anna godt fiskeområde er eggakanten, kontinentalsokkelens yttergrense. Næringsstoff som fylgjer havstraumane opp frå djuphavet mot sokkelen trekkjer til seg store mengder fisk, sjøfugl og kval. Eggakanten er grensa mellom kontinentalsokkelen og kontinentalskråninga. På skråninga finn me mange spor etter skredaktivitet, mellom anna svære gjel og enorme skredvifter bygt opp av utraste sediment.
