Geologisk tid

Jordas historie gjennom 4,6 milliardar år spenner frå Jordas danning, gjennom byrjinga av kontinentaldrift til dei mange aktive geologiske prosessar i dag. Å plassera desse geologiske hendingar og prosessar i kronologisk rekkjefylgje er heilt avgjerande for å forstå utviklinga av Jorda.

Det finnast mange ulike dateringsmetodar. Nokre gjev relativ tid, medan andre gjev absolutt tid. Dei vanlegaste metodar innanfor absolutt tid er basert på radioaktiv nedbryting av kjemiske element.

Modernuklidar brytast ned og dannar dotternuklidar. Når me veit kor raskt denne prosessen skjer, gjev moder-dotter tilhøvet oss tida som har gått etter ei viss geologisk hending, til dømes eit vulkansk utbrot, danninga av ein malm eller oppsprekking av eit kontinent. Desse metodane vert ofte referert til som geokronologiske metodar. Termokronologiske metodar er relatert til dette og gjev informasjon om temperaturhistoria. Temperaturen aukar i djupna og kunnskap om temperaturhistoria til ein bergart kan gje informasjon om kor mykje erosjon som har føregått, djupna som bergarten er graven ned på, og kan òg seia noko om potensialet for olje og gass i ein geologisk formasjon.

Paleomagnetisme og mineralmagnetiske data frå størknings- og sedimentære bergartar, i tillegg til ukonsoliderte sediment gjer oss i stand til å rekonstruera retning, polaritet og intensitet av Jordas tidligare geomagnetiske felt. Frå desse dataa kan me rekonstruera eit kontinents vandring gjennom geologisk tid, dei kan òg brukast til å finna aldrar på bergartar og geologiske hendingar.

I NGU-lab brukar ein ei rekkje av metodar til å fastsetja aldrar som brukast i våre kartleggjingsprogram og i grunnforsking.