Geologisk mangfald

Vår mangfaldige natur er samansett av vårt biologiske mangfald, landskapsmessege mangfald og vårt geologiske mangfald. Til liks med det biologiske mangfaldet, har det geologiske mangfaldet ei rekkje viktige bruksområde.

Geologisk mangfald er variasjonane i berggrunn, mineral, lausmassar, landformer og prosessane som skapar dei. Det geologiske mangfaldet er kjelde til variasjon i biologisk mangfald, natur- og kulturlandskap.

Geologisk mangfald er òg vår geologiske arv. Stadar som i kraft av å visa geologiske fenomen, prosessar eller ressursar, formidlar geologi som vitskap, eller grunnlag for biosfæren og menneskets utvikling og kultur.

Det geologiske mangfaldet gjev grunnlag for både landskap og biologisk mangfald. I tillegg har det ein verdi i seg sjølv. Ein viktig arv som viser prosessane som har forma Noreg og lagt grunnlag for geologi som vitskap. Det geologiske mangfaldet er ein viktig resurs for menneska i dagens samfunn: for økonomien, for undervising og forsking, og for naturopplevinga. Det omfattar alt frå fjordane, fjellkjeda og strandflata ned til dei minste mineral og fossil, saman med det som finnast på og under havbotnen.

Det geologiske mangfaldet er ein verdifull del av naturen som er viktig å ta vare på for framtidige generasjonar. Det gjev oss kunnskap om og forståing av mange aspekt ved samfunnet vårt. Geologien er kjelde til råvarer som fossile brensel, mineral og byggjematerialar. Den gjev grunnlag for jordbruk og påverkar vår tilgong på ferskvatn. Den gjev livsgrunnlag for biodiversitet, habitat og artar, og styrer landskapet me ser rundt oss. For menneske har geologisk mangfald òg ei anna tyding: som del av vår historie og kultur, som grunnlag for kulturlandskap og naturopplevingar og er ein viktig del av vår identitet i tilhøve til dei fysiske omgjevnadane.