Geologisk mangfald

Eit geologisk kart viser oss korleis berggrunn og lausmassar varierer i samansetjing. Geologien er altså ei viktig kjelde til variasjon i naturen. Landformer kan skildrast som resultat av variasjon i berggrunnen og erosjon. Det biologiske mangfaldet avheng av næringsstoff i berggrunnen, kalk, kalium, magnesium, fosfor og tungmetall. På flyfoto kan me sjå korleis flora fylgjer geologiske strukturar. Kalkrike bergartar gjev frodigare og meir mangfaldig flora enn kvartsrike. Difor kan geologiske kart gje oss viktig informasjon om kva me kan forventa av biologisk mangfald.
Geologisk mangfald er òg vår geologiske arv, stadar som formidlar geologi som vitskap eller grunnlag for biosfæren og menneskets utvikling og kultur. Ein forsteina morene som er 600 millionar år gamal vitnar om ei tidlegare istid. Lag med fossil i berget fortel oss om det biologiske mangfaldet for hundrevis av millionar år sidan, bilete av evolusjonens stadium og høvet til å studera for lengst utdøydde livsformer. I mange delar av Noreg kan me studera tidligare tiders vulkanar, restar av havbotn i hav som for lengst er lukka, og røtene av fjellkjeder som for lengst er tært ned av erosjonen. Geologien gjev oss òg svar på korleis landet såg ut då dei fyrste menneska busette seg her, og om kor mange istider og klimaendringar me har vore gjennom dei siste tre millionar år.
Svaret på mange slike gåter kan studerast på stadar i norsk natur. Nokre av desse har stor verknad på internasjonal forsking, milepælar i forståinga av geologi som vitskap og jordas utvikling. Andre kan vera ei usedvanleg ven framstilling av ein geologisk prosess, og endå andre gjer kveldsturen i nærområdet ekstra spanande ved å fortelja ei lita geologisk historie. Nokre stadar kan det geologiske mangfaldet gje meirverdi til naturbasert turisme.
NGU ynskjer at fleire enn geologar skal kunna gleda seg over vårt rike geologiske mangfald og arv, og satsar difor på å dokumentera, ivareta og formidla Noregs geologiske mangfald.