Geologisk arv


geologisk kulturminne som spenner over uvanleg lang tid.
Heilt inst i botnen av Jøssingfjorden stuper fjellet stupbratt
ned på vestsida. Den endar i eit stort bergoverheng, ca.60 meter
langt og inntil ti meter djupt frå dråpefallet inn til bergveggen.
I dette området er det konstatert kulturlag frå fleire fasar
gjennom steinalderen.
Me har ein rik arv i vår berggrunn og lausmassane på den. Ein arv som fortel om jordas utvikling, om indre så vel som ytre prosessar. Om tidlegare tiders vulkanar og jordskjelv, istidenes meisling av landskapet, gamle landskap som har sett sine spor i det nye. Denne arven er verdifull. Forskarar har gjort store oppdagingar i Noregs geologiske arv, som har hatt verknad på geologi som vitskap.
Geostadar
Dei stadar som i særleg grad viser fram vår geologiske arv kallar me Geostadar (etter engelsk "Geosites"). Desse omfattar ikkje berre dei vitskapleg viktigaste stadane, men òg dei som viser geologiske prosessar og mangfald på ein måte som er eigna for læring og oppleving. Difor kan geostadar vera både dei stadar som har ført til framsteg for forskinga, dei kor ein kan læra geologi og dei som fører til opplevingar og vekkjer undring.
Geostadar kan vera svært viktig å bevara, lokalitetar som er viktig for heile verdas geologiforståing. Men det er òg viktig å bevara og skjøtta lokalt viktige stadar som gjev kunnskap til skuleelevar og andre som bur i området.
Rik naturoppleving
NGU samlar og formidlar informasjon om vår geologiske arv. Føremålet er delvis å ta vare på Noregs viktige stadar innanfor geologisk forståing, men i endå større grad å medverka til at folk som bur i Noreg, og dei som besøkjer oss, får ei rikare naturoppleving.