Berggrunnsgeologi

Berggrunnsgeologi omhandlar jordas utvikling og korleis ulike prosessar gjennom tid har gjeve opphav til notidas fordeling av ulike bergartar på overflata og nedover i djupet.

Dei eldste bergartane i Noreg er meir enn 2,9 milliardar år gamle gneisar som finnast i Finnmark. På kontinentalsokkelen har me bergartar som er nokre få millionar år gamle. Dette tidsrommet dekkjer ein stor del av jordas utvikling frå danninga av planeten for 4,6 milliardar år sidan, og fram til i dag.

Noregs berggrunn er eit spegelbilete av ei lang historie som strekkjer seg gjennom nesten 3 milliardar år. I bergartane finn me spor etter gamle fjellkjeder som har oppstått og gått til grunne gjennom erosjon og avleiring i takt med at jorda har utvikla seg og nye kontinent gradvis har vakse fram. Parallelt med dette har dei fysiske tilhøva på jorda stadig endra seg. Oksygenrik atmosfære oppstod for ca 2,4 milliardar år sidan, og dyre- og planteliv som kan samanliknast med det me finn i dag oppstod fyrst for 5-600 millionar år sidan.

Noreg er ein del av det Fennoskandiske skjoldet som utgjer det prekambriske grunnfjellet i Skandinavia. Dei eldste bergartane i grunnfjellet (eldre enn 2, 5 milliardar år) finnast i Finnmark og langs kysten i Troms og Vesterålen. Mot sør og vest vert berggrunnen gradvis yngre - men likevel er grunnfjellet eldre enn 900 millionar år i Sør-Noreg. Over grunnfjellet ligg den 400-500 millionar år gamle Kaledonske fjellkjeda som eit markert belte langs vestlege Skandinavia. Dei yngste bergartane på land i Noreg finnast i Oslofeltet der det mellom anna er tydelege spor etter vulkansk aktivitet for 250-300 millionar år sidan. Denne kunnskapen er grunnlaget for å forstå korleis berggrunn og landskap har oppstått gjennom tid - i takt med endringar i tektoniske tilhøve (platedrift), klima og utviklinga av jordas livsformer.

Berggrunnen gjev oss tilgong til livsviktige naturressursar i form av ulike slag byggjeråstoff, malmar og mineral som er eit naudsynt grunnlag for eit moderne samfunn. Nøkkelen til å forstå kor me best kan finna verdifulle material er ei best mogleg forståing av bergartanes opphav og samansetjing.

Berggrunnskart viser saman med geofysiske kart korleis bergartar med varierande alder og opphav fordeler seg geografisk og mot djupet. Slike kart framstillast i ulike målestokkar og har såleis ulike formål. Regionale kart i liten målestokk gjev oss det store biletet, meir detaljerte kart er grunnlaget for samfunnets bruk av informasjon om berggrunnen til alle slags formål.

Relaterte prosjekter

MINN
Mineralressurser i Nord-Norge (MINN) er et regjeringsinitiert program for å kartlegge mulighetene for å finne gull og andre mineraler i nord.